≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Nynorsk, Film, Noregs Mållag, filmstøtte

– Tida er overmoden for nynorske filmtekstar

Norske produksjonar som får tilskot må teksta filmen på norsk. Noregs Mållag meiner digitalisering og lågare kostnadar gjer at ein no bør krevja tekst på begge målformer.

Andrea Rygg Nøttveit
torsdag 5. november 2015 09.13

– Tida er overmoden for nynorske filmtekstar Norske kinosjefar kan velja om dei vil ha dialogen mellom Siren Jørgensen og dei andre skodespelarane i vestlandsfilmen Hevn på anten nynorsk eller bokmål. Foto: Euforia/Den siste skilling

– Den digitale utviklinga har kome så langt at tida er overmoden for eit krav om parallellteksting, noko eg håpar myndigheitene òg ser, seier leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø på telefon til Framtida.no.

LES OGSÅ: Kinosjefar vil ha meir nynorsk

– Effekten er at staten krev bokmålsteksting
I 2011 foreslo Kulturdepartementet å endra reglane for filmstøtte slik at alle norske filmar som får tilskot til anten utvikling, produksjon eller lansering må teksta filmen på norsk, slik at han er tilrettelagt for hørselshemma.

Norsk filminstitutt la då til grunn at kostnadane til digital teksting ville liggje mellom 10.000 og 15.000 kroner, samt at kinotekstane òg ville kunne nyttast på dvd- og fjernsynsvisningar.

Allereie då var Norsk Målungdom på banen og skriev i sitt høyringssvar at framlegget hoppa uelegant bukk over tilhøvet mellom nynorsk og bokmål – noko som ville resultera i bokmålsteksting av samtlege filmar.

– Når staten har eit krav om at filmane som er produsert i Noreg skal ha tekst på norsk, er det ingen grunn til at det ikkje skal vera krav om nynorsk òg. Effekten i dag er at staten krev bokmålsteksting. Det er urimeleg, meiner leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø på telefon til Framtida.no.

Ho meiner det er lommerusk som skal til for å få tekst på begge målformer og peikar på at nynorskbrukarane har krav på å sjå si eiga målform – òg i kinosalane.

LES OGSÅ: Mållaget jublar over nynorsk og dialekt i animasjonsfilm

Stadig fleire tekstar på nynorsk
I si tid kom svenske Ronja Røverdotter (1984) med nynorsk tekst på norske kinoar.

23 år seinare jubla Målungdommen for at distribusjonsselskapet Euforia film valte å teksta den brasilianske Gullbjørnvinnaren Tropa de elite på nynorsk.

Dei siste åra har fleire aktørar i bransjen valt å teksta filmane på nynorsk.

Både Få meg på, for faen (2011), basert på Olaug Nilssen sin roman ved  same namn, årets Kvinner i for store herreskjorter, basert på ein roman av Gunnhild Øyehaug og Skammerens datter basert på den danske bokserien omsett av Samlaget har hatt nynorske tekstar.

Mållagsleiar Tennø trur årsaka er at bransjen i større grad ser at det er eit behov og eit ønske for nynorsk teksting.

– Kanskje dei òg ser at ein kan få litt blest om det, som sjølvsagt er ein bra ting. Men eg håpar jo at dei tenkjer på dei som kan sjå filmen òg.

Applaus frå salen
Sist ut med tekst både på nynorsk og bokmål er den premiereaktuelle vestlandsproduksjonen Hevn, som er spelefilmdebuten til regissør Kjersti Steinsbø frå Stord.

– Det hadde vore veldig rart om me ikkje skulle teksta på nynorsk når dette er ein vestlandsfilm med særs brei appell i fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Hordaland, der det bur mange fleirtalet er nynorskbrukarar, og når det er brei bruk av vestlandske dialektar i filmen. tillegg tykkjer eg at nynorsk er fint og underbrukt, seier Vibeke Skistad, dagleg leiar i distribusjonsselskapet Euforia film.

Ho fortel om spontan applaus då ho på eit bransjetreff fortalde kinosjefar frå heile landet at dei tilbyr tekst og omtalar på nynorsk på filmen Hevn.

Filmen har allereie hatt førpremierar både i Førde, Sogndal og på Stord.

– Det er ikkje så vanleg med nynorsk tekst, men me prioriterer å ta inn dei filmane som har det, stadfestar Tor Uglum, kinosjef i Sogndal kulturhus.

LES OGSÅ: Nynorskstipend til filmdistributør

Ikkje krav, men støtte
Mållagsleiaren set sjølvsagt pris på innsatsen frå Euforia.

Positiv merksemd og eventuelle presseoppslag ser Skistad absolutt som ein av fordelane med å ta på seg meirarbeid med å teksta filmen på to målformer, sjølv om ho understrekar at det ikkje er det som er drivkrafta.

Ho skulle gjerne sett at teksting på nynorsk var vanlegare, mest fordi nynorskpublikummet fortener det, men òg fordi distributørane då hadde fått det inn i rutinane sine

– Kostnadane er ikkje så store, men det vert sjølvsagt ekstraarbeid fordi me må teksta, sjekka og produsera to versjonar i staden for ein. Me har heller ikkje på plass dei same rutinane, slik me har med bokmålsteksting. Eg vil på ingen måte gå så langt som at ein skal tvinga alle til å teksta på nynorsk, men er det støtte å få, så vert det kanskje lettare. I alle fall ville det vore eit incentiv til å gjera det, utan at det burde vera avgjerande, avsluttar filmdistributøren.

Ikkje planar om å krevja nynorsk
 I Stortingsmeldinga om filmpolitikk, som vart lagt fram i vår, foreslår Kulturdepartementet å utvida kravet til norsk teksting, slik at det gjeld uavhengig av format og plattform. 

«Forskrifta inneheld ikkje krav til kva målform som skal nyttast. Det er opp til produsenten sjølv å avgjere. Kulturdepartementet har ikkje planar om endringar i forskrifta når det gjeld målform for teksting av kinofilm,» svarar statssekretær i Kulturdepartementet Bjørgulv Vinje Borgundvaag i ein e-post via sin rådgjevar.


Oppdatert: fredag 6. november 2015 15.00
Kommentarar

– Tida er overmoden for nynorske filmtekstar
– Tidlegare var det ein stor økonomisk operasjon å få til teksting, medan det no berre er lommerusk, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Foto: NM


 
ANNONSE: