Tiårsrekord i medlemstal for målungdommen

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målungdommen veks

– Det er veldig kjekt med så gode medlemstal. Me har fått 100 fleire medlem samanlikna med 2015, som også var eit godt år for oss, seier Kirsti Lunde, skrivar i Norsk målungdom.

I 2016 enda medlemstalet på 1484. Ein må tilbake til 2007 for å finna eit høgare medlemstal. Lunde er også svært nøgd med at 1063 av desse er under 26 år, og at fleire unge engasjerer seg i organisasjonen. 

Noko av forklaringa på suksessen i 2016 er måten Norsk målungdom jobbar med rekruttering og lokallagsaktiviteter. I tillegg har nynorskorganisasjonane fått litt draghjelp frå auka engasjement i store mediesaker, som Vestlandsdebatten og Trude Mostue sitt hatutbrot mot nynorsk.

LES OGSÅ: Fleire nynorskelevar i 2016

Inga hemmeleg oppskrift
Fleire nye ungdomsmållag har blitt skipa. Sist ut er eit lokallag i Nord-Rogaland, der ei «målferd» førte til skipinga av Haugesund målungdom.

– Eg ser mest fram til å spreia mykje nynorskglede i Haugesund, og å fremma viktigheita av nynorsk i kvardagen, seier Monica Tindeland, nyvald leiar i Haugesund.

Det er ikkje lenge sidan nynorskhataren Monica Tindeland vart nynorskelskar.

For å spreia bodskapen reiser Norsk målungdom rundt på det dei kallar målferd.

– Då har me føredrag, står på stand og held møte på kvelden, forklarer Lunde.

Ho tykkjer det er bra at det kjem målungdomslag i Haugesund. Mange har gått på nynorskskular før dei kjem til byen for å gå på vidaregåande. Spesielt for desse kan det å stå saman gi dei ei litt sterkare ryggrad, forklarer ho. 

Haugesund_maalungdom_1_Foto
Frå venstre: Magnhild Johannesen Botten, Marthe Herland, Birgitte Christiansen, Monica Tindeland (leiar) og Marta Regine Skår, styret i det nyskipa Haugesund målungdom. Foto: Skeisvang vidaregåande skule

Spør og får ja
– «Eg vart medlem fordi eg vart spurd», er det mange ungdommar som seier etter at me har hatt stand på ein vidaregåande skule. Mange treng å få det spørsmålet direkte før dei blir med i ein organisasjon, fortel Kirsti Lunde.

Målungdommen har hatt meir kapasitet til aktive vervekampanjar etter at dei fekk ei eiga prosjektstilling til blant anna dette føremålet.

Av lokallaga er det Firda på Sandane i Sogn og Fjordane som hadde størst vekst i 2016.

– Her verva dei over 70 nye medlem. Dei er heilt utrulege, bryt Lunde ut.

Haugesund_maalungdom_2_Foto
I eit klasserom på Skeisvang vidaregåande skule. Slik ser skipinga av eit nytt ungdomslag ut. Foto: Skeivang vidaregåande skule

Vestlandsregion og Trude Mostue
Det er fleire grunnar til at målungdommen gjer det skarpt i 2016. Mållaget kunne sjølv feira med rekordhøge medlemstal i 2016. Det høgaste medlemstalet organisasjonen har hatt på 25 år. Magne Aasbrenn sa i desember at diskusjonane om administrasjonsspråket på Vestlandet viste eit stort engasjement for nynorsk

– På Facebooksida vår har vi sett eit stort engasjement om både Vestlandsregionen og debatten Trude Mostue skapte, etter hatutbrotet hennar mot nynorsk, seier Lunde.

Ho er oppteken av å skapa ei språkleg bevisstgjering blant ungdom.

Haugesund_maalungdom_3_Foto
Hannah Kolås (t.v.) og Synnøve Marie Sætre frå Norsk målungdom, på målferd på Skeisvang vidaregåande skule i Haugesund. Foto: Skeisvang vidaregåande skule

Få også med deg: Kristine Leganger Iversen sitt svar til Trude Mostue og rasinga over den «helvetes nynorsken»

Faktaboks

UNGDOMSORGANISASJON

– 26 år er grensa for offentleg tilskot per medlem.