The Main Level til Tysnesfest

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysnesfest er truleg glade for å kunna annonsera at boybandet The Main Level kjem til Tysnesfest.

Boybandet, som er sett saman av tysnesingen Alexander Instøy, Laurent Kelmendi og Sander Helmers-Olsen, har på kort tid fått fans frå heile verda. 

I ekte boybandstil har The Main Level blitt storma av store folkemengder på flyplassar i Noreg.

LES OGSÅ: Tysnesfest med festivaldryss

Eitt anna av dei store trekkplastera under årets festival, som går av stabelen 6.-10. juli., er DumDum Boys.

– Me har fått mange positive tilbakemeldingar etter at dei vitja oss i 2013, og me er glade for at desse legendene skal ta del i jubileumsfeiringa vår, skriv Tysnesfest. 

Eit av dei nye namna – i alle fall på Tysnesfest – er Halvdan Sivertsen. Sivertsen er utan tvil ein av dei fremste og mest folkekjære artistane i Norge, og er kanskje mest kjend for mange som ein av dei originale girarkameratane.

– Me er opptekne av breidda, og det å ha tunge, gode kvalitetsnamn som Halvdan Sivertsen på programmet, syner det, seier festivalsjef Sigvard Madsen til Tysnesbladet.no.

Som Framtida.no allereie har nemnd, så vann Hear Me Roar festivaloppdrag til Tysnesfest no i helga, som ein del av Vestlandssatsinga til 13 festivalar.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknader