tenk på eit tal

Jostein Avdem Fretland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

det er oktober i london, lauvet gulnar sakte no, nokre veker etter heime, studentane er attkomne til universiteti, vasar rundt på haustblaut asfalt og drikk sine fyrste pints. eg såg dei på skulen i går, eg var oppe og henta dei siste karakterane mine, dei nylegaste indikasjonane på kva aksjane mine er verd.

eg sto og bladde gjennom kassa med tilbakemeldingar, kvite ark med lange studentnummer, upersonlege, fargelause, fann arket mitt og gjekk ut, ringte jenta mi og opna plastmappa. 

eg skanna arket opp og ned etter det einaste eg lurte på – talet. heilt nedst sto det skrive over ein blancoflekk, nøkternt skrikande mot meg i blå kulepennskrift. sidan eg såg det har eg ikkje tenkt på anna. 

det er inkje som kan fortelja deg betre kva du er verd enn eit nummer. det er greitt å kunne veta nøyaktig kor mange poeng av hundre du er, så du aldri er i tvil, du kan berre hugse attende til det kvite arket, der står det, viss du lurer, kor mykje du er verd. 

me som lagar musikk er kanskje enno meir sårbare for slike tal, me legg tjukt med sjel i innleveringane våre og er langt vanskelegare å kvantifisere enn mykje anna. så for oss kan dette talet handle lite om oppgåveløysing og akademisk kompetanse og mykje om kva musikken din er god for, om nokon kjem til å like han – eller ikkje. og sidan einkvar vurderingsbolk må ha både toppar og botnar, er det ikkje til å unngå at mange endar opp med hjarta knust utover golvet på soverommet eller i gangen utanfor kontoret på skulen. 

eg går ut frå at det må vera slik. me har ikkje kome dit enno at me greier å vurdere kvarandre utan tal, har ikkje funne omsetjingane som gjer ei god grunngjeving universell eller metodar for å sikre at det som er ‘glimrande’ i eitt land ikkje er ‘nokså godt’ i eit anna. eit kvart system kan utnyttast, men nokre er enklare enn andre og det held oss nok frå å finne eit system som kan verdsetja dei verdiane som ikkje kan kvantifiserast. 

på vidaregåande letta norsklæraren min hjarta til meg ein gong: «eg skulle ynskje, jostein, at eg kunne setje ein eigen karakter for trott». ho ville løne dei som arbeidde stendig kvar kveld utan å nokon gong oppnå dei store karakterane, dei som jobba seg halvt i hel for trearar og ein sjeldan firar i norsk og engelsk ville ho løne med ein eigen karakter, ein etterlengta seksar i trott. så kunne ho samstundes ta nedåt dei som berre sigla gjennom på eit godt hovud og flinke foreldre, om ho ikkje hadde kunne anna enn å gje dei fem i norsk og engelsk.

eg fekk eit brev ein gong, med forklaring på kvifor dei hadde sett ned eine karakteren min to poeng. det sto at i andre eksaminasjonsrunde var det sensor sitt syn at nokre av dei høge karakterane var litt for høge, så dei vart justert ned, eg vart justert ned. to poeng mindre verdt, «ikkje misforstå», skreiv læraren min, «arbeidet ditt er framleis glimrande», kvifor kjennest det ikkje slik då, tenkte eg, det forbaska talet sokk og eg sokk med det, som ei skrede i fjorden laga dei to poengi ei bylgje som fløymde over sjølvbiletet mitt og tok miskunnsamt med seg alt av sjølvkjensle og framtidstru. 

for ein dag eller to.

så var det ei som minte meg på at det finst andre ting å tenkje på enn tal. karakteren min var trass alt god, det var sant, som læraren sa, at arbeidet framleis var bra. og det er ikkje lærarane dine som skal like musikken din. 

det er ikkje lærarane mine som skal like musikken min. viss dei likar alt eg gjer er eg antakeleg på feil spor. 

 

først publisert i magasinett