Tekstarkeologen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg var ei prektig jente med langt blondt hår.

Aina Basso snudde 180 gradar rundt, då ho blei tenåring. Ho blei pønkar. No har ho det lange, blonde håret igjen. Og om ein forstår «prektig» som det står skrive i ordboka: av utmerkt kvalitet, storarta, eller bra, fornem, glimrende, då er Aina Basso sanneleg præktig (norsk riksmålsordbok (historisk)).

Forventningane er store til den fjerde boka som no er ute.

LES OGSÅ: Verdien av ungdomslitteraturen

Sann historie, skrive som spennande, skarpe, rørande, triste og romantiske romanar. Bassos tre tidlegare romanar har dette, og meir. Finne ly, som kjem til hausten, berører tema og formar som Basso har brukt før. Ho skriv om romfolk. Eller taterfolk, som det står i dei historiske dokumenta.

Ei taterjente er hovudpersonen i ungdomsromanen Fange 59. Boka var sett i Trondheim, i 1750. Den nye boka er eit hundreår seinare, og i Finnskogen. Finnskogen var ny for Basso. Men ho fekk dra på tur til eit gamalt finnetorp som ei venninne har restaurert. Dei var ein heil venninnegjeng der i nokre dagar. Dei hadde utedo og fleire småhus, kring eit tun.

Her fekk Basso mykje gratis research til Finne ly. Boka handlar om Hanna. Ho er ei reisande, ung kvinne som har rømt frå tukthuset i Christiania og ser etter ein stad der ho kan vere trygg. Slik kjem ho til Finnskogen. På eit småbruk bur ein enkemann. Han har to unge vaksne soner i 20-åra. Dei tar imot henne og gjer henne til tenestejente.

– Lokale bønder likte ikkje dei som reiste, og dei som reiste likte ikkje bøndene. Det var konfliktar. Likevel kom fleire og fleire følgje av reisande til skogen. Det vart uro hos folk. Romanijenta Hanna vurderer å dra. Men så kjem ho inn i eit kjærleiksforhold, til ein av sønene på garden. Skal ho vere eller skal ho dra?

– Eg ville sjå på kva framandfrykt og fordommar gjer med folk.

– Er boka ein allegori på det som skjer i til dømes Oslo, i dag, med romfolk debatten?

– Eg er ikkje heilt likegyldig til det som skjer i dag. Men det er ikkje fordi eg vil seie noko om vår eigen tid at eg skriv denne boka. Det er berre umuleg at det ikkje blir parallellar.

LES OGSÅ: Prisa for roman om taterjente

Kjærleikshistoria mellom Hanna og ein av sønene er eitt av dette som Basso diktar, og som ikkje er ein del av det historiske materialet som ho legg til grunn for romanen. Forfattarar av historiske romanar gjer gjerne dette: Når kjeldene stoppar, byrjar innlevinga. Historikarar veit mykje om rammene for liva til folk. Dei kjenner alt frå verktøya dei bruker, til innhaldet i spiskammerset, til vaner og ritual; tradisjon og sosiale krav. Dei tenkjer seg til kva som var sannsynleg. Frå den metoden har det kome bøker, og har gjort det lenge:

Sigrid Undset er ein av desse forfattarane av historiske romanar. Undset sa at tider endrar seg. Men at hjarta til folk ikkje endrar seg. Har dette vore eit motivasjonssitat for Basso?

– Eg tenkte at jau, hjartet endrar seg ikkje, det kan godt hende det. Men vi ser verda annleis, når tida endrar seg. Kva vi meiner var rett og galt endrar seg. Ein gong var Gud var ei forklaring. Ein gong var vitskapen forklaringa. Vi må ikkje vere for moderne når vi skriv om folk i andre tider. Ein skal ikkje for langt attende før folk tenkte annleis.

BOKMELDING: Elden vert berre sterkare

Attende til Bassos eiga historie. Ho har blitt den viktigaste samtidsforfattaren som vi har av historiske romanar for unge vaksne. Korleis blir ein stjerneforfattar på Bassos nivå; præktig, som i dyktig. Basso har vore dyktig, i kvart tiår av livet. Den søte og skuleflinke jenta. Ho var tenåring i grønsjtida, og matcha det med å gå musikklinja. Ho klipte håret av seg, farga tustane svarte, og tok hol i nasen. Mens ho var vokalist i eit rockeband, fekk ho ideen om å bli strupesongar. Draumen vart til den om å bli arkeolog. Etter ein mastergrad i historie, gav ho ut den første boka si.

– Eg ville bli arkeolog. Men så fortalte nokon at ryggen får svi. Då satsa eg på kontorarbeidet, i staden.

Aina Basso ler høgt, og tar ein stor slurk svart kaffi. Forfattaren snakkar høgt også, og så fort at nokre journalistar drar byrjinga og slutten av det ho seier saman, og lagar nye meiningar ut av det. Sjølv veit ho vel kva ho seier, og kva ho vil seie. Det er noko av det første ho tenkjer på når ho byrjar eit prosjekt: Kva vil ho seie? Og kva vil ho med kvar av karakterane sine?

– Du kan starte fleire historier i same prosjekt. Men alle historier som du byrjar må lande.

LES OGSÅ: Dei gjev aldri opp

Skriveråd er noko av det de får når Aina Basso kjem på forfattarvitjing til skulen. Ho les frå eigne bøker, og er oppteken av diskusjonen rundt sjangeren ho skriv i. Det å blande historisk stoff og fri dikting er ikkje berre-berre. Når det står roman på omslaget, kan ein nemleg aldri heilt vite kva som er sant eller ikkje.

– Eg trur at ungdomsskule – og vgs-elevar ofte trur på det dei leser. Men det vi kan lære dei er at dei skal sjekke ting. Vi kan lære dei kjeldekritikk:

– Skal vaksne, som du – og lærarar – ta elevar i handa?

– Eg synest at dei skal gjere eit poeng ut av det tverrfaglege med slike verk. Korleis var eigentleg den tida? Snakka folk på den måten som er skildra i boka? Kva er det eigentleg muleg å vite om folk på den tida? Det er eit godt utgangspunkt for dialog.

Basso må ta seg fridomar når ho skriv romanane sine. Ho må fylle inn der fakta sluttar.

– Eg sjølv prøver å vere etterretteleg fordi ting gjekk rett inn hos meg, då eg var i den alderen. Men dette handlar om kva ein vil med litteraturen. Eg kan ikkje setje meg til doms over andre

– Og du, kva vil du?

– Kanskje er det berre viktigast å komme inn i eit historisk sus.

Faktaboks

Aina Basso (fødd 1979)

Historikar og forfattar frå Giske i Møre og Romsdal

Debuterte i 2008 med romanen «Ingen må vite» på Samlaget

Vart nominert til Brageprisen og Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for «Inn i elden» (2012)

Kjelde: Samlaget