– Teknologien kan komponere like godt som profesjonelle

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Teknologien like bra som proffane

– Me ville vise at teknologien kan produsere gode songar, som er på nivå med profesjonelle låtskrivarar, og at han kan brukast anten til å imitere eksisterande stilar eller til å skape nye, seier François Pachet per epost til Framtida.no. Han er direktør ved Sony Computer Science Lab i Paris, og forskingsleiar for Flow Machines.

Nyleg skapte dei overskrifter – også på Framtida.no – då dei lanserte songen «Daddy’s Car», som er datagenerert i «Beatles-stil». Ifølgje dei sjølve er det verdas første poplåt som er komponert av kunstig intelligens – ein programvare som har «lært seg» tusenvis av popsongar og kan komponere fritt med utgangspunkt i dei.

Når me tipsar førstelektor Jan-Tore Diesen ved høgskulen Westerdals ACT om «Daddy’s Car», liker han det han høyrer. Diesen underviser sjølv musikkstudentar i låtskriving.

– Eg liker ikkje å seie at ein låt er god eller dårleg, men eg syntest det var ein interessant komposisjon, seier han, men tar atterhald om at det er uklart akkurat kva og kor mykje den menneskelege støttespelaren Benoît Carré har tilført.

BAKGRUNN: Høyr verdas første poplåt komponert av kunstig intelligens!

Kommunikasjon som trumfkort
– Syntest du songen bar preg av å vera datagenerert?

– Nei, eigentleg ikkje, me er så vane med å høyre datagenerert lyd i musikk. Men eg tenkte at det var nokre spennande overgangar og uventa harmoniske brott der, som eg ikkje trur kven som helst hadde funne på,  seier han.

Førstelektoren meiner likevel menneska har eit knep som gir oss eit overtak på maskinane, i alle fall inntil vidare: Kommunikasjon.

– Ein menneskeleg låtskrivar vil ofte ha eit mål om å kommunisere, og vil til forskjell frå maskinen ha ei meining med strukturane og elementa i komposisjonen, seier Diesen, som peikar på at låtskrivaren til dømes kan skrive musikk som passar til ein tekst som er skriven på førehand.

– Ikkje juks
Diesen minner om at det frå før finst mykje programvare som «hjelper» komponistar og produsentar ved å koma med forslag til spor basert på ulike stilar. Til dømes peikar han på at Rihannas hit «Umbrella» blei produsert med bruk av ein loop frå Apple-programmet GarageBand.

– Det er glidande overgangar her, men dette går over ei grense ved at maskinen tar alle vala, og det er interessant, seier Diesen.

Han trur likevel berre kunstig intelligens vil vera eit supplement til den menneskelege kreativiteten i framtida, og meiner ikkje det ville vere juks av låtskrivarstudentane å bruke slike verktøy.

– Eg vil heller oppfordre til å utforske det. Alt som kan gi nye stemmer er spennande.

Dialog
Heller ikkje François Pachet trur kunstig intelligens kan erstatte menneskelege låtskrivarar, men han trur det kan utfordre dei.

– Men meir som del av ein «dialog» enn som automatiske robotar. Det trengst framleis menneskelege inngrep, til dømes for å velje rette stilar og velje den beste blant ulike løysingar, eller velje dei rette lydane for orkestrering, og så vidare, seier han.

– Kan kunstig intelligens endre korleis låtskrivarar jobbar?

– Ja, definitivt, ved å gi nye verktøy som er meir musikalsk merksame, og som kan gi forslag, kritikk, og tene som samarbeidspartnarar, heller enn som slavar.

LES OGSÅ: Idéfestival med banebrytande teknologi