Teit. Teit. Teit.

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men så har du spørsmåla: Kvifor skal eg vere sint og lei meg og inderlig akkurat no? Og ikkje alle dei andre gongene? Det skjer jo ting som burde gjere meg sint og lei meg stadig vekk. Utan at eg skriv om det. Eller tenker spesielt mykje på det. Då skriv eg om Knut Arild Hareide eller fotballandslaget, høyrer på popmusikk og tenker på ei reise eg gleder meg til.

Og då verkar eg teit.

Eg verkar som ein sånn fyr som berre er opptatt av det som skjer i verden viss det skjer i ein del av verden der eg har vore på ferie.

Eg verkar som ein sånn fyr som ifører meg spesielle fargar og symbol akkurat no, fordi alle andre gjer det, slik at vi kan sjå kvarandre i auga og kjenne at vi har rett og at vi bryr oss, utan at det forandrar noko som helst.

I verste fall verkar eg som ein sånn fyr som sitt på trygg avstand og gir meg ut for å kjenne andre folks sorg. Ein som skryt på seg andres tragedie.

Og då verkar eg teit. Veldig teit. Og litt enkel. Og litt sjølvfornøgd. Eg vil ikkje verke teit og enkel og sjølvfornøgd.

Så i staden for å skrive om det som opptek meg no, i staden for å vere sint og lei meg og inderlig, så kunne eg ha nytta dette høvet til å ta eit steg tilbake og minne om alt det andre i verden som burde gjere oss sinte og lei oss.

Men då verkar eg også teit.

Då verkar eg som ein som prøver å gjere meg interessant. Ein som skal vise at eg veit meir, kan meir, forstår meir. At eg rett og slett er litt smartare. At eg tenker litt større enn andre. Og klarer å sjå til og med tragediar i perspektiv. Viss eg skal iføre meg spesielle fargar og symbol, så skal det vere fargar og symbol som ikkje så mange andre forstår, så folk må spørje, og så må eg forklare, og gjere dei som spør forlegne.

Eg verkar som ein kjenslekald teoretikar som ikkje forstår at det er ei tid for alt. Det er ei tid for perspektiv. Og det er ei tid for å vere forbanna.

I verste fall verkar eg som ein sånn fyr som sit på trygg avstand og gjer narr av folks ønske om å vise medkjensle med nokon som har opplevd noko forferdelig.

Og då verkar eg teit. Dobbel-teit. Skrytete og utan følelsar. Det vil eg ikkje. Verkelig ikkje.

Då er det betre å vere ein sånn som forstår. Ein som ser samanhengane. Og forklarer folk kva som er kva. Ein som held hovudet kaldt. Og gjere greie for skilnadene mellom ulike retningar og tradisjonar.

Men då verkar eg i alle fall teit.

Eg verkar som ein som snakkar i piler og boksar og teoriar når uforklarlige ting skjer. Eg blir ein sånn fyr som seier «kontekstualisering» som om det var ein vanlig ord. Ein sånn fyr som først og fremst ser ein tragedie som ein sjanse til å briljere.

Eg verkar kald. Og smart. Og analytisk. Men ikkje smart og analytisk nok til å forstå at eg eigentlig er teit. Veldig, veldig teit.

Det spørst nok om ikkje det greiaste er å halde fram som vanlig, og vitse om fotballandslaget og Knut Arild Hareide, høyre på popmusikk og tenke på ei reise eg gleder meg til. Og så kan eg seie til meg sjølv og alle andre at det er akkurat slik, ved å gjere det vanlige, fulle av humor og framtidsbegeistring, at vi viser at vi vinn, kvar dag.

Og så skal eg prøve å tru på det, utan å kjenne meg teit.

Men eg veit ikkje om eg får det til.


Først publisert i Aftenposten 20. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!