Teikneserieroman kan vinna nordisk litteraturpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teikneserieromandebutant Anders Kvammen og Bjørn Ingvaldsen er dei to norske kandidatane til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2017, som vart offentleggjort i dag.

31 år gamle Kvammen debuterte i fjor med teikneserieromanen Ungdomsskolen, som han fekk Brageprisen for.

I romanen møter me Aksel, som etter ein lykkeleg sommarferie byrjar på ein ny ungdomsskule. Utfordringane som møter den følsame hovudpersonen vert skildra i svart-kvitt, slik livet framstår.

Veteranen Bjørn Ingvaldsen frå Odda har på si side gitt ut fleire titals bøker sidan debuten i 1995. 55-åringen er nominert for romanen Far din, som har vore nominert til ARKS barnebokpris og til Bokslukerprisen.

Romanen skildrar korleis livet til ein ung gut vert forandra når faren hans blir sett i fengsel. 

Begge dei norske bidraga er på bokmål.

Frå dei andre nordiske landa er følgjande bøker nominert:

Det samiske språkområdet

Luohtojávrri oainnáhusat av Kirste Paltto, Davvi Girji 

Danmark

Dyr med pels  og uden av Hanne Kvist

Hjertestorm  Stormhjerte av Annette Herzog, Katrine Clante (illustrasjon) og Rasmus Bregnhøi (illustrasjon)

Sverige

Djur som ingen sett utom vi av Ulf Stark og Linda Bondestam (illustrasjon) 

Ormbunkslandet av Elin Bengtsson 

Færøyane

Hon, sum róði eftir ælaboganum av Rakel Helmsdal

Island

Enginn sá hundinn av Hafsteinn Hafsteinsson

Úlfur og Edda: Dýrgripurinn av Kristín Ragna Gunnarsdóttir

Finland

Vildare, värre Smilodon av Minna Lindeberg og Jenny Lucander (illustrasjon)

Yökirja av Inka Nousiainen og Satu Kettunen (illustrasjon)

I fjor gav Heidi Furre ut nynorskromanen Ungdomsskulen – les intervju med forfattaren her!