Teiknar sin eigen oppvekst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Med den digitale teikneserien «Tales from outer Sogn», eller forteljingar frå Ytre Sogn om du vil, håpar teikneserieskapar Fredrik Rysjedal (35) frå Leirvik å kunne gi verda ein smakebit av sin eigen oppvekst i Ytre Sogn på 80-talet.

– Det har vore eit teikneserieprosjekt eg har tenkt på i mange år, men som eg har utsett. No er eg ferdig som stipendiat ved Kunsthøgskulen i Bergen, og har høve til å jobbe med andre ting. Eg har henta gamle tankar og idear fram frå skuffa igjen, fortel Rysjedal.

Den første episoden i «Tales from outer Sogn» handlar om Veslefrik og Carrie Anne som trur dei finn eit dinosaurhovud. Teksten er på engelsk, men serien skal også omsetjast til norsk.

– Eg leitar no etter den rette plattforma å publisere dei på. Eg ser føre meg å samle alt i ein app, men då må eg lage fleire episodar først. Elles trur eg serien kunne ha passa godt i ei nettavis eller på ein annan stor nettstad.

Vågar å vere stadbunden
Fredrik Rysjedal har spesialisert seg på å lage skjermbaserte teikneseriar. Det vil seie at stripene inneheld små animasjonar, og dermed er levande på ein heilt annan måte enn den tradisjonelle teikneserien. Han ønskjer også å vere utradisjonell på andre måtar.

– I Noreg har vi vakse opp med store, generelle seriar frå utlandet. Men vi manglar teikneseriar frå vårt eige land. Sjølv om vi har Pondus, så er det uvisst kvar den stripa eigentleg går føre seg. Eg vil gå den andre vegen, lage noko med ei geografisk tilknyting, som då altså er min eigen oppvekst i ei bygd i Ytre Sogn.

LES OGSÅ: Populært å lese nynorsk med teikneserie

Men å leve av det å lage digitale teikneseriar er ikkje lett. Heldigvis er det ikkje pengar som er motivasjonen for Fredrik Rysjedal.

– Drivkrafta er ikkje å bli rik, men eg har eit behov for å uttrykkje meg. Eg jobbar som ein kunstnar, eg må prøve å få arbeidsstipend og ta ein dag av gangen.

Sjekk ut teikneserien her!

Alle oppvekstar interessante
Teikneserieskaparen trur det kan liggje mykje godt stoff i det som var ein heilt normal barndom. Spesielt kjekt er det å skildre perioden når han no har fått over 20 års avstand og perspektiv på oppveksten.

– Eg er glad i å lage sjølvbiografiske ting, i å leite fram dei poetiske og finurlege sidene ved det. Eg trur eigentleg at alle har interessante barndommar.

Det sjølvbiografiske har vore tema for Fredrik Rysjedal før, som då han laga ein digital teikneserie om sin eigen morfar, som var krigsseglar i handelsflåten.

LES OGSÅ: Tegnehanne: Tragikomikk er lett når ein har det kjipt

I «Tales from outer Sogn» trur Rysjedal at folk på hans eigen alder vil kunne nikke på hovudet og smile litt av detaljane. Samtidig tenkjer han ikkje så mykje på målgruppe, men vil lage noko som kan fenge alle.

– Det vil nok liggje ei attkjenning i det eg skildrar for dei fleste, uansett alder.

Lite spark til samtida
Sjølv om serien skal vere allmenngyldig, har det likevel snike seg inn ein aldri så liten samfunnskommentar i den første stripa. Det viser seg nemleg at det som Veslefrik og Carrie-Anne trudde var eit dinosaurhovud, berre er eit sauekadaver.

«Det er vel kanskje eit arkeologisk funn det også. Det er eit bevis på at det har vore sauebønder her. Dei er også i ferd med å bli utrydda», kommenterer Carrie-Anne.

– Det blir jo litt dobbelttydingar her og der, humrar Fredrik Rysjedal.

LES OGSÅ: Slepper fleire «homofile» teikneseriar

– Eg kjem jo frå ein plass der smågardane ligg brakk og det er lite aktivitet i jordbruket. Det slår tilbake no når oljealderen er over. Eg ønskjer at det skal vere ein rik bondekultur, så eg var ganske fornøgd med meg sjølv då eg fekk snike inn den kommentaren.