Takksame for alt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Konfirmasjon er ei viktig høgtid for dei fleste ungdommar, og forventningane både til førebuing, fest og gåver er store. Ei gallupundersøking viser at dagens konfirmantar forventar å ein god del rikare når konfirmasjonsdagen er omme.

Fleirtalet av dei rundt 50.000 konfirmantane rundt om i landet ynskjer seg helst pengar på den store dagen, viser ei undersøking gjort for Danske Bank. Her er det snakk om masse pengar med summar opp mot 20.000 norske kroner. Gåver står lenger ned på ynskjelista.

I Vindafjord kommune er konfirmasjonane godt i gang, og for enkelte er høgtida allereie historie.

— Eg er ferdig med konfirmasjonen og nå er eg rik, stadfestar 15 år gamle Sander Totlandsdal frå Ølen nøgd.

For Sander vart det mest pengar på gåvebordet. Og det noko over gjennomsnittet.

— Gutar får nesten alltid meir pengar enn jenter, for jentene får bunad, forklarar han.

LES OGSÅ: Slik sparar ho fleire tusen på konfirmasjonen

Pengar og gåver
Om det ligg pengar eller gåver på gåvebordet bryr ikkje gjengen frå Ølen skule seg så mykje om. For dei er det like kjært med ei gåve.

— For pengar kan me kjøpa det me vil, men det er kjekt å få eit minne i form av eit smykke eller ei anna gåve, seier Maren Opheim (14) frå Ølen.

Dei andre konfirmantane nikkar. Gåver er fint det også.

— Eg fekk to klokker. Det var fint, seier Roy William Haugland (14) og viser armen der begge klokkene har fått plass.

Når gåvebordet viser fleire titals tusenlappar kan det vera lurt å setja noko av pengane på sparekonto.

— Me skal spara mesteparten, seier dei fem vindafjordkonfirmantane i kor.

— Eg skal setja pengar inn på BSU, men først skal eg ha moped og utstyr til motocross, seier Totlandsdal, og trur det nok kan minka litt i kontantbunken når dei motoriserte ynskja er innkjøpt.

LES OGSÅ: Biskopen: – Det må vera lov å rota litt

Stadfestar dåp
Blant elevane i konfirmasjonsalder ved Ølen skule er det berre tre ungdommar som ikkje står konfirmant denne våren.

— Me har to muslimar og éin katolikk i klassen. Dei står ikkje konfirmant. Elles skal alle konfirmera seg på sin måte. Eg skal konfirmera meg i Haugesund Baptistkyrkje sidan det er der eg er døypt. Konfirmasjon handlar jo om å stadfesta dåpen, fortel Maren Opheim som høyrer til baptistkyrkja sjølv om ho ikkje kallar seg sjølv baptist.

Ho trur dei aller fleste konfirmerer seg fordi dei ynskjer det sjølve, og fordi dei har tenkt over kva det inneber å bli konfirmert.

— Eg trur mange gjer det for pengane, men eg trur og mange tenkjer godt over det før dei let seg konfirmera, seier ho.

— Uansett kva gåvene hadde blitt, så vel me å konfirmera oss, seier alle saman bestemt.

Kjekk tid
Konfirmasjonstida kan bli ei travel tid for mange, og festen på den store dagen kan verta vel mykje stress, men minna tek konfirmantgjengen med seg vidare.

— Det er litt trist at konfirmasjonstida er over. Dette vil me aldri få oppleva igjen, seier Opheim som skal feira saman med nesten 50 gjester.

— Ja, det har vore svært lærerikt. Me har blitt kjent med andre konfirmantar og eg set pris på at familien feirar oss med fest på konfirmasjonsdagen, seier Ida Knutsen (15 år) frå Bjoa og gleder seg veldig til søndag, for då er det hennar tur til å bli feira.

LES SAKA I GRANNAR!