Tabu er tema for festspela

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi vil nytte festspeltemaet til å undersøke korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer ossseier dagleg leiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet i ei pressemelding.

29. juni –2. juli 2017 er det atter ein gong duka for Dei nynorske festspela ved Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Supermann
Festspeldiktar i år er Lars Mæhle frå Sunndalsøra, som er kjent for bøkene om fotballaget Knoterud FK. Han har òg skrive ei rekkje krim- og spenningsromanar for unge.

Til festspela har han skrive manus til ei heilt ny Lurivar-framsyning og ein eigen barnekrim til Volda bygdetun.

Fredag kveld er det familiekonsert, der Mæhle har skrive dei fleste tekstane og Beate Lech har laga ny musikk. Det vert også ein litterær konsert med Mæhle og Øystein Sandbukt basert på Mæhle sin nyaste roman, Jag är Supermann.


– Eg er spesielt glad for at barne- og ungdomslitteratur blir tematisert, og ser fram til å jobbe fram prosjekt saman med andre kunstnarar i dette feltet, sa Lars Mæhle då han vart annonsert som festspeldiktar.

Bjella og Kvammen
I tillegg vert det fleire musikalske høgdepunkt frå Hallingdal.

Torsdag kveld vert det konsert med kritikarroste Stein Torleif Bjella i uteamfiet. I fjor hausta Bjella gode kritikkar for fjerdealbumet Gode liv, og i januar var det premiere på førestillinga Kan nokon gripe inn på Det norske teatret. Stykket baserer seg på Bjella sine viser om bygdeoriginalar.

Laurdag vert det konsert med plateaktuelle Daniel Kvammen, som har hausta gode kritikkar for andrealbumet Vektlaus.


– Eg trur det er ganske mange unge menn som veks opp med eit ganske hardt skjønnheitskompleks. Me har ein lang veg igjen å gå når det gjeld å ta tak i kva slags skjønnhetsideal menn må leva opp til i 2017, sa Daniel Kvammen då Framtida.no tok ein prat med han om feminisme og likestilling.

Under festspela sørgjer også Daniel Herskedal for tabu med tuba. I tillegg vert det intimkonsertar med gjendiktingar av Patti Smith og Bob Dylan.

Språksjov
På den siste festspeldagen blir det språkmoro med Linda Eide og Sjur Hjeltnes, som har hatt stor suksess med NRK-serien «Eides språksjov».

Tidlegare i år kunne dei mora sjåarar med informasjonen om at Trump er ein eigen og tverr kar, ifølgje Nynorskordlista.

– Vi kan gløyme det med spynorsk ordliste. Dette er spånorsk ordliste, sa Linda Eide i programmet.

I tillegg til festivalforfattaren vert det også forfattarmøte, opplesingar og tabuprat med mellom anna Maria Parr, Marit Kaldhol, Anders Totland, Jørgen Norheim, Aina Basso og Jan H. Landro.  

– Vi gler oss til fire rikhaldige dagar med ny kunnskap, store opplevingar og lun stemning, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Nyleg kunne Maria Parr avsløra at ho kjem med ny bok til hausten. Les meir her: 

Faktaboks

DEI NYNORSKE FESTSPELA

Ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur i Ørsta og Volda siste veka i juni

Kvart år gjestar om lag 6000 menneske festivalen

Årets tema er Tabu, og festspeldiktar er Lars Mæhle

I løpet av dei fire dagane er det 45 planlagde arrangement

Budsjettetet for 2017 er på 2,1 millionar kroner

Kjelde: Aasen-tunet