– Ta eit nei for eit nei

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Er det verkeleg verdt å ha sex for ein russeknute? Ufrivillig sex kan få stor konsekvensar både for offeret og overgriparen, sa Merete Nerland frå Smiso til russane i Volda. Geir Sætre frå psykososialt-team understreka at alkohol viskar ut grensene, og kan føre til handlingar vi seinare vil angre på.

– Vi synest det er bra at det er så mange instansar som bryr seg om oss, og vil at vi skal ha ei fin og trygg russetid, sa russepresidentane Christian Castberg og Fride Uthaug Reite etter eit informasjonsmøtet om rus og seksuelle overgrep i russetida på Volda vidaregåande skule.

Ta nei for eit nei
Både Christian og Fride syntest informasjonen om kva som er valdtekt, og kva ein skal gjere for å unngå dette var oppklarande. Dei syntest det var ekstra lærerikt å møte nokon som arbeider ute i feltet, og veit kva det handlar om.

– Ein skal ta eit nei for eit nei, og det er viktig å setje grenser, seier dei.

Når det gjaldt temaet rus følte dei at det visste dei meir om på førehand.

– Vi føler ikkje at det er noko drikkepress i miljøet. Samfunnet forventar kanskje at vi skal drikke i russetida, men vi opplever ikkje at medelevane pressar oss til å drikke dersom vi ikkje vil, meiner russepresidenten.

Sex for ein russeknute
I år som i fjor var folk frå Smiso på plass. Det var Anne Kristin Skurtveit og Merete Nerland. Medan Skurtveit informerte generelt om arbeidet, tok Nerland opp temaet seksuelle overgrep i russetida.

– Eg har lese knutereglane dykkar, og funne ut at 27 av 100 handlar om alkohol eller sex. Er det verkeleg verdt å ha sex for ein russeknute? spurde ho.

Nerland sa vidare at nokre mistar hemningane når dei får på seg russedressen og skal samle knutar. Dei kjem inn i eit anarki der dei trur at alt er lov.

LES OGSÅ: Her festar russen hardast

Ny lov
Kvart år blir 8.000-16.000 valdtekne i Noreg.

– I aldersgruppa 15–18 år er tala svimlande høge, understreka Nerland. Ho lista opp ulike former for valdtekter: overfallsvaldtekter, kjærastevaldtekter, festvaldtekter.

– Festvaldtekter er den typen valdtekter som aukar mest, opplyste rettleiaren frå Smiso.

Amnesty meiner at eit nei er nok. FN meiner det same. Amnesty samla inn 50.000 underskrifter og leverte dei til barne-, familie-, likestilling – og inkluderingsminister Inga Marte Torkilsen.

– 1. juni skal denne saka opp i Stortinget. Og då kan det kome ei ny lov som seier at nei er nok for å bli dømd i ei valdtektssak, informerte Smiso rettleiaren.

Les fleire russe-saker her!


Det var andre året det vart arrangert eit informasjonsmøte om rus og sexuelle overgrep før russetida ved Volda vidaregåande skule. Det var helsesyster Lisbeth Hoggen Totland som hadde teke initiativet. Russestyret hadde vore flinke til å spreie informasjon om møtet. Mange av russane var på plass. Foto: Ingvild Runde

Les saka i Mørenytt!