– Sykkelen er ein døropnar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit år på sykkel

 Den 29. august 2009 starta tre studentar på sykkelturen frå Nordkapp til Kapp Agulhas heilt sør i Sør-Afrika, nesten eit år brukte dei på turen. No kan deltakarar på fjellfilmfestivalen få oppleve eventyret på 54 minutt.

– Me hadde ikkje sykla noko særleg meir enn til og frå skulen, før me sette i gong, men me hadde ein prøvetur på våren på 200 kilometer, der Jørn måtte bryte og eg vart lei, fortel Andreas Doppelmayr.

LES OGSÅ: Stor auke i sykkelskader

Ein gryande plan
Andreas Doppelmayr, Jørn Wichne Pedersen og Øyvind Nystad Handberg byrja å snakke om å reise vekk – til Sverige eller noko – ein grå septemberdag på Blinderen. Mot slutten av bachelorgraden i utviklingsstudiar hadde draumen utvida seg.

– Når ein planlegg ein slik tur drøymer ein om eventyr, og den draumen vart så til dei grader innfridd, fortel Wichne Pedersen, og legg til:

– Det er noko av det beste eg har gjort, noko av det tyngste eg har gjort og noko av det mest keisame eg har gjort. Før turen gler ein seg til å sykle langs afrikanske savannar med elefantar, men etter kvart vert det enorme strekningar med lik vegetasjon og lite folk.

LES OGSÅ: Jorda rundt på 70 dagar

Saka fortset under biletet.


Kameraet til Andreas Doppelmayr fekk mykje merksemd av skulebarn i Malawi. Foto: Kapptilkapp.no

Pengar til skular
I tillegg til at turen var eit eventyr for gutane, fekk dei og gjort nytte for seg på vegen. Gjennom sponsorar, t-skjortesal og foredrag i etterkant har dei samla inn om lag 240.000 kroner til Unicef-prosjektet «Schools for Africa». På vegen vitja dei mellom anna ein skule i Malawi. Her fekk dei sett ting i perspektiv, då det var over 1700 elevar på skulen, fordelt på 15 lærarar.

– Når du dreg opp eit kamera i Afrika er all fokus der, så i etterpåklokskapens namn, skulle me kanskje hatt med oss eit mindre kamera, konkluderer Doppelmayr.

Å feste ei slik reise på film er ingen enkel jobb. I tillegg til at dei to Panasonic-kameraa tok mykje fokus var gutane slitne etter lange dagar på sykkelsete med fire sykkelvesker og språk var eit problem.

Turen var heller ikkje utan dramatikk. Mykje spanande mat baud på kulinariske opplevingar og ei og anna matforgifting, i tillegg til malaria og ein påkøyrsel i Kenya. Men ein ting er både Doppelmayr og Wichne Pedersen einige om at gjorde sterkast inntrykk: gjesfriheita.

–I Syria kom det ein mann etter oss i pick-up, som likna Saddam Hussein, han heitte faktisk Hussein og hadde kalla opp sonen etter Saddam. Han ba oss kome med han, der fekk me middag, det kom gjester for å helse på oss og me fekk overnatte, fortel Doppelmayr.

LES OGSÅ: På flukt med fotoapparat

Saka fortset under biletet.


I Syria var folk hjelpsomme og gjestfrie. Foto: Kapptilkapp.no

– Jo verre statsleiarar, jo betre folk
Dette var den fyrste av mange gode møter med menneske i land som Syria og Sudan, land gutane hadde eit heilt anna inntrykk av før dei kom.

–Til tross for fæle statsleiarane i desse landa, var folk av eit heilt anna kaliber. Det verkar nesten som om at jo verre statsleiaren er, jo betre er folka, fortel Wichne Pedersen, som anbefaler på det varmaste å oppleve verda frå eit sykkelsete:

– Sykkel er eit godt verkty for å kome i kontakt med menneske, sykkelen er ein døropnar. Folk vert interessert og lurer på kvar du kjem frå og kvar du skal, seier du at du har sykla frå hovudstaden eller nabolandet vert folk imponert.

– I tillegg opplever ein korleis alt endrar seg langs vegen, og at kulturen ikkje føl landegrensene, men heller språkgrensene, fortel Wichne Pedersen entusiastisk.

Den utrulege reisa har vorte dokumentert gjennom både blogg og no film, regissert og klippa av Marius Smit, som kanskje vil inspirere dei spreke deltakarane på Fjellfilmfestivalen til å kome seg opp på sykkelen og oppleve verda, sjølv om Doppelmayr rår folk til å heller sykle i nokre månadar, enn eit år.


I Zambia sykla gutane forbi grasbrenning ute av kontroll. Foto: Kapptilkapp.no