Sviktar dei dårlege undervisarane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert hos Studvest

I januar kom nyhenda om at Universitetet i Bergen (UiB) innfører ei prøveordning der forelesarar kan søke om tittelen «fremragende underviser». Tittelen fører med seg ei lønnsauke på rundt 50 000 kroner, og ordninga er foreløpig forbeholdt matematisk-naturvitenskaplig fakultet. I etterkant har det vore delte meiningar om kva nytta med ei slik ordning er.

For all del, dei gode undervisarane fortener anerkjenning for det dei gjer. Men ordninga vil ikkje gjere dårlege forelesarar gode.

Vil forelesarane som allereie viser lita interesse for undervisninga få større interesse ved innføringa av ei meritteringsordning? Neppe. Dei fleste professorar har valt denne jobben for forskinga sin del, og desse vil fortsette å fokusere på det området interessa deira ligg. Vil ordninga motivere dei som rett og slett ikkje er komfortable i ein forelesningssal? Heller motsatt.

Når ei ordning blir innført der dei formidling fell naturleg for blir belønna, og du veit du vil slite med å nå opp, kan det fort virke demotiverande.

LES OGSÅ: Unge Venstre vil kutta eitt år i skulen

Når studentar evaluerar forelesarane sine, er det sjeldan behov for å ta opp kva dei gode kan gjere betre. Spørsmålet vil alltid vere kva dei dårlege gjer feil. Sanninga er at ikkje alle er skapt for å snakke offentleg. Det gjeld óg

forelsarar, og dette er det vanskeleg å gjere noko med. Professorar som har forelest i ei årrekke og enno ikkje evnar å formidle på ein god måte vil ikkje oppnå noko gjennom den nye ordninga. At dei gode forelesarane moglegens blir litt betre, medan dei dårlege forblir der dei er, tener studentane ingenting på.

Dette er ikkje einsbetydande med at ordninga er ein negativ ting. Fokuset på dei gode formidlarane er viktig. Dei fortener anerkjenning for arbeidet sitt. Kanskje hjelp den ikkje dei forelesarane som allereie er under middelmådige formidlarar, men den belyser kor viktige dei som har glede i undervisninga er for studentane og deira læring. Og kanskje, over tid, vil den gi nye, unge forelesarar eit større fokus på undervisninga frå starten av.

LES OGSÅ: Framtidas superlærar kan nynorsk!

«En god underviser er med andre ord en person som er nysgjerrig på, som har satt seg inn i, og som bygger på noe av den forskningen som er gjort på studenters læring. Så er det selvsagt ingen ulempe om vedkommende også er en god formidler,» skriv fire UiB-tilsette i eit lesarinnlegg i Studvest der dei rosar det nye tiltaket. Eg vil påstå at det å vere ein god formidlar burde vere eit krav likestilt med det å ha satt seg inn i forskinga.

Ordet «formidle» er definert som «vere mellomledd for; føre over; få i stand» i Nynorsk-ordboka. Evnar ein ikkje å vere dette mellomleddet, og føre over kunnskapa si til studentane, den neste generasjonen, stoppar det oppi forelesningssalen. Skal kvaliteten på utdanninga aukast betydeleg må det førast inn fleire gode tiltak.

Det er bra å premiere dei gode undervisarane, men me kan ikkje tillate at dei dårlege blir dårlegare.

LES OGSÅ: Sammen for studentrabatt