Svevde mellom liv og død – er heime igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

18. juni startar som ein fin dag. Det er sommar, sol og over tjue varmegrader i Sauda. Familien Aabø Hansen har ingen konkrete ferieplanar, men leiker med tanken på ein tur til Legoland med dei to minste borna. Men enn så lenge nyter mamma Janne Margrethe Aabø og dei to borna Ella (8) og Kalle (5) livet heime i Sauda, medan pappa Frank Hansen er på arbeidsoppdrag utanfor portugalkysten.

Eldstesonen André Aabø Hansen har sommarjobb som prosessoperatør på fabrikken og har to veker tidlegare flytta inn i ein sentrumsleilegheit saman med ein kompis. Planen er å bu der i lag i sommar, før André reiser til Bergen for studiar til hausten. Denne laurdagen skal dei ha innflyttingsfest. Livet smiler.

Klokka 23.45 denne kvelden skjer det fatale. Under innflyttingsfesten ramlar André Aabø Hansen ut av vindauget i andre etasje og landar på hovudet på asfalten. 21-åringen blir i all hast frakta med luftambulanse til sjukehuset i Stavanger. 45 minutt seinare blir mamma Janne Margrethe oppringt av ei venninne som fortel om kva som har skjedd. Marerittet startar.

Etter fleire telefonar til helsevesenet i både Stavanger og i Bergen får ho bekrefta at det er André som er skadd og at det er svært alvorleg. Ho må komma. Nå. Med ein gong.

Saman med bror sin Kjell Reidar drar ho til Stavanger den natta. Ho førebur seg på det aller verste. André, guten deira, ”Bassen”, svever mellom liv og død. Vil han døy? I krisa og panikken begynner ho å tenka på praktiske ting, på ei muleg gravferd.

Legane karakteriserer tilstanden hans som både kritisk, alvorleg og ustabil. Ingen veit om han vil overleva, eller om han vil få store, alvorlege mein. Først tysdag, tre dagar etter ulukka, klarer pappa Frank, etter mykje styr, å komma seg frå jobben langt til havs i Portugal heim til sin hardt skadde son på sjukehuset i Stavanger.

Trykket i hovudet til André blir etter kvart så stort at han kunne døydd hadde ikkje legane valt å hasteoperera han måndag 27. juni – ei dryg veke etter ulukka.

I to veker blir han halde i kunstig koma. Ingen veit kor skada han vil vera når han vaknar. Alvorlege hovudskader er ikkje å spøke med.

Vil han kunna snakka? Vil han vera pleietrengande? Vil han fortsatt vera André?

Tysdag 9. august kom André Aabø Hansen heim igjen til Sauda. Han er ti kilo lettare, og har blant anna 44 sting i hovudet som vitnar om det han har vore gjennom.

– Eg har fått nedsett hørsel på høgre øyre, og må bruka høyreapparat. Eg har også fått tinnitus der. Men eg bryr meg ikkje. Det er ein liten pris å betala når ein tenker på kor gale det kunne gått. Eg ser på denne litle skaden som eit bevis på at eg overlevde, seier André.

Les saka i Ryfylke!