Superpularen: Sex, mord og cliffhangers

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sex, mord og cliffhangers

«Superpularen» handlar om forfattaren Aleksander Martinson og ein taxisjåfør. 

Aleksander Martinson har skrive ein erotisk superroman. Det er romanen som har alt; sex, mord og cliffhangers. Boka er på alle sine lepper, absolutt alle meiner noko om romanen Superpularen.

Samstundes i byen er det ein taxisjåfør som skriv ned alt som vert sagt om boka Superpularen. Taxisjåføren innser i laupet av boka at han kan gjeve ut ei bok som handlar om boka til Aleksander Martinson.

Berge skildrar ein kultur kor nokre preikar veldig mykje, medan andre aldri kjem til ordet.

Boka skildrar også korleis det er når nokon vert uansvarleg opphengt i noko. Den tek for seg både sjalusi og den vanlege mannen i gata.

Taxisjåføren som knotar ned historiene om personane han køyrer på klarar å mane fram ganske mykje morosamt om dei kundane som ikkje seier stort, noko som gjer at det vert eit ganske underhaldande persongalleri.

Det vert tidleg avduka at forfattaren vert myrda. På fyrste side i boka står det: «Sjåføren og Superpularen – 9. mnd før drapet på Martinson». Dette er eit herleg spaningsmoment i boka, for spørsmålet som heile tida jagar gjennom boka er «kven gjorde det?», noko som er ganske forfriskande.

Boka er skriven lettlese, og ganske morosam.

Det er skråblikka på livet som treff meg. Det vert også trekt som ein lang tråd gjennom romanen: «Noko av det som skil menneska frå dyra, er ei unik evne til å ta dei minst betydelege tinga mest alvorleg. Denne evna er først og fremst synleg i språket. Dei fleste av oss snakkar og skriv for eksempel mykje meir om trening enn vi faktisk trener. Historia viser oss at dette mest sannsynleg er djupt menneskeleg og derfor neppe noko vi kjem til å klare å forandre.»

Om du vil ha ein lettbeint roman, med masse fine skråblikk på alt mogleg menneskeleg, så les Atle Berges «Superpularen».

Les intervju med forfattaren! Vil ha meir realistisk sex

Faktaboks

Atle Berge
Superpularen
Samlaget 2015