Studentar med born nedprioriterast

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentar med born taper

– Studentar med born har vorte dei økonomiske taparane. Når ein er ung og under utdanning, får ein ikkje tilgang på dei beste ordningane som krev at ein jobbar, seier siviløkonom Mathilde Fasting.

Ho har skrive ein rapport for tankesmia Civita som syner at studentar med born får langt dårlegare støtteordningar enn yrkesaktive familiar. Foreldrepengar for dei yrkesaktive utgjer eit mykje større beløp enn foreldrestipend-ordninga for studentar. I tillegg får studentar med born berre foreldrestipend i 44 veker, medan yrkesaktive har krav på foreldrepengar i 49 veker (sjå faktaboks).

LES OGSÅ: Med ei barselgrad i magen

– Studentane er gløymd
Fasting meiner at orsaka til forskjellane kan vere at studentfamiliane er vorte gløymd av politikarane.

– Det har vore ein tanke om at dei som bidreg mykje til staten gjennom yrkesinnsats, skal ha dei beste ordningane. Difor har dei som ikkje jobbar vorte gløymd, seier Fasting.

Ho meiner politikarane ikkje har vore så oppteken av kva for konsekvensar denne politikken får for studentar med born.

Marta Thorbjørnsen (27) har termin den 5.september, og er student på musikkvitskap ved Universitetet i Oslo (UiO). Ho meiner at permisjonslengda burde vore like lang for studentar som for dei som jobbar.

– Eg skulle ønske at politikarane i større grad prioriterte studentfamiliar. Me er heldige som har eit godt støtteapparat av vener og familie rundt oss, seier ho.

LES OGSÅ: Mange jobbar ved sida av studia

Store forskjellar
Leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO) Ola Rydje stiller seg bak kritikken til Fasting, og meiner at forskjellane i støtteordningane er merkelege.

– Studentar har færre permisjonsdagar enn yrkesaktive, noko som er heilt uforståeleg. I tillegg er studiestøtta den same for studentar med born som for andre studentar, seier Rydje.

Han meiner det er openbart at studentar med born har behov for betre støtteordningar enn dei som eksisterer i dag.

LES OGSÅ: Så dyrt er det å tene for mykje

– Regjeringa har svikta
Nestleiar i KrF, Dagrun Eriksen, meiner regjeringa har svikta studentar med born.

– For denne gruppa handler det om økonomisk støtte. Eg kan ikkje sjå spor av at regjeringa har gjort noko på dette området. Det eksisterer eit gammeldags tankesett kring støtteordningane til studentar med born som er kvinnefiendtleg, seier Eriksen.

Ho meiner politikken kan ha fleire uheldige konsekvensar for studentfamiliar som ikkje mottek nok i støtte.

– Mange har det ekstremt stramt, og eg trur at nokon kanskje avsluttar studia tidlegare på grunn av det, seier Eriksen.

LES OGSÅ: –Lite å kjempe for

Nye støtteordningar
NSO-leiar Ola Rydje er klar på at nye ordningar må kome for studentfamiliar.
– Me meiner at studentar må få like mange permisjonsdagar som de yrkesaktive. I tillegg må studentar med born få tolv månadars studiestøtte.

Kva har NSO gjort for å sette denne saken på dagsorden?
– Me har freista å fremja denne saka. Me har mellom anna vore i møter og har ein dialog med Kunnskapsdepartementet om dette, seier Rydje.

LES OGSÅ: Mammaliv

Eit budsjettspørsmål
Statssekretær Ragnhild Setsaas i Kunnskapsdepartementet (KD) menier studentfamiliane har mange gode støtteordningar.

– Dei får mindre enn dei aller fleste som er i arbeid. Likevel har studentar mange goder som studentbustadar, ei meir fleksibel foreldrepengeordning (foreldrestipend), og moglegheita til å kombinere foreldrepengar med foreldrestipend utan avkorting av stipendet, seier Setsaas.

Dagens støtteordningar er innretta slik at dei som tener best, får die beste ytingane. Er dette rettvist?
– Ordninga er blitt stadig meir rettvis. Regjeringa har prioritert studentbustadar sterkt i denne perioden, noko som også kjem studentar med born til gode, seier Setsaas.

Kvifor er det ulik permisjonslengd når ein samanliknar studentar med born og yrkesaktive?
– Det er fordi foreldrepengeperioden har auka gjennom ei øyremerking med fleire veker til far. Det er ikkje naturleg å leggje delar av perioden bare til far når det handlar om studentar, seier Setsaas.

Har de svikta studentfamiliane?
– Nei, det tykkjer eg ikkje. Me har fått til nokre ordningar som er svært viktige for dei det gjeld. Det vert feil å seie at me har svikta, men det er også heilt klart betringar som kan gjerast med støtteordningane, seier Setsaas.

Saka var først publisert i Universitas.

Faktaboks

Støtteordningar for studentfamiliar

·         Studentar med born får foreldrestipend i inntil 44 veker. Dei kan få 10 960 kroner pr. månad

·         Yrkesaktive med born mottek foreldrepengar i 49 veker (100 prosent) eller i 59 veker (80 prosent). Dette beløpet har ei maksimal dekningsgrad på 445 000 kroner.

·         Foreldrestipendet tilsvarar det maksimale beløpet foreldre kan få som stipend og lån, og er avhengig av om mottakaren er fulltids- eller deltidsstudent før fødselen.

·         Eigne foreldrepengar frå Nav påverkar ikkje retten til foreldrestipend, men om partnaren får foreldrepengar frå Nav, kan det påverke foreldrestipendet ein kan få frå Lånekassen.

·         Forsørgjarstipend er behovsprøvd. Inntekta og formuen studenten og en eventuell partner har, må vere lågare enn grensene i forskriftene. Har du eitt barn, kan du få inntil 1 520 kroner i månaden.

·         Eingongsstønad går ved fødsel og adopsjon til dei som ikkje har rett til foreldrepengar. Her kan ein få 35 263 kroner som eingongsutbetaling.

Kjelder: Lånekassen og NAV