≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Høgare utdanning, Høgskolen Stord/Haugesund

Studentane skal skrive betre

Høgskolen Stord/Haugesund startar tilbod om skrivestøtte til studentar frå hausten av.

Magne Kydland, Sunnhordland
fredag 1. juni 2012 14.13

Studentane skal skrive betre Tidlegare leiar i Noregs Mållag og no tilsett ved norskseksjonen ved HSH, Hege Myklebust, er blant dei som vil tilby skrivehjelp til studentane. Arkivfoto

Denne våren har biblioteket og sentrale fagfolk på Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) jobba med å få plass dei første bitane i eit såkalla Skrivesenter. Prosjektet er initiert av høgskulestyret i HSH, og målet er å gje eit godt tilbod om skrivestøtte til alle HSH-studentar som ynskjer det, melder HSH på sin nettstad.

– Dette er eit ope og frivillig studiestøttande tiltak. Me startar til hausten, seier leiar for bibliotektenestene i HSH, Marianne N. Tvedt. Skrivesenteret vil tilby korte kurs i skriving som til dømes godt norsk og godt fagspråk, og kurs i drøfting.

– I tillegg vil me tilby individuell rettleiing, seier Tvedt til nettstaden.

Det er Sissel Høisæter og Hege Myklebust frå norskseksjonen ved avdeling for lærarutdanning og kulturfag som vil stå for undervising og rettleiing.

– Dei vil ikkje gje fagleg rettleiing eller språkvask. Meininga er å hjelpa studentane i skriveprosessen, utan å rette oppgåver for dei. Kall det heller å hjelpa dei å læra. Såleis vert dette eit supplement til den faglege og språklege rettleiinga som skjer i utdanningane, og ikkje ei erstatning, påpeiker Tvedt.

Inspirert av Oslo
Sist veke var prosjektgruppa for Skrivesenteret i HSH på vitjing hjå Høgskolen i Oslo og Akershus. Der har dei bygd opp ei større teneste som gir hjelp til studentar inn i mot oppgåveskriving, litteratursøking og referansehandtering, studieteknikk, stressmeistring og eksamensførebuingar og presentasjonsteknikk. I tillegg har dei skrivekurs.

HSH let seg inspirera i hovudstaden.

– Dei har bygd opp tenesta over mange år. Me er i starten på noko nytt og spennande, og startar derifrå, seier Marianne N. Tvedt til hsh.no.

Les saka i Sunnhordland!


Oppdatert: laurdag 2. juni 2012 10.33
Kommentarar 0



 
ANNONSE: