Strevar mest etter Utøya

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i ein ny studie frå Nasjonalt kompetansesenter for vald og traumatisk stress (NKVTS), fortel Dagens Medisin.

Førsteamanuensis og dr.med. Grete Dyb ved NKVTS, som er prosjektleiar for Utøyastudien og førsteforfattar av den nye studien som er publisert i British Journal of Psychiatry, fortel at mange av dei overlevande har hatt store problem med å fungera i kvardagen.

Ho meiner studien viser at hjelpeapparatet må vera rusta til å hjelpa dei som blir utsette for traumatiske hendingar som katastrofe eller andre alvorlege traume.

– Svært mange vil ha behov for råd i høve til å handtera skremmande opplevingar som kjem opp på nytt og oppleving av utryggleik og det å vera sårbar. Mange vil slita med søvnvanskar, kroppslege reaksjonar og irritabilitet. Dette går ut over kapasiteten til å utføra arbeid og studium, seier Dyb.

Ho legg til at det samtidig er svært viktig med god støtte frå venner og familie, og at dette kan beskytta mot psykiske reaksjonar. (©NPK)