≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Kristin Halvorsen

Strengare krav til lærarar

I framtida må lærarar ha relevant fagkompetanse i dei faga dei skal undervise i.

NPK
fredag 13. april 2012 14.53

Strengare krav til lærarar Kristin Halvorsen. Bilete: Flickr/CC-lisens/Justisdepartementet.

– Krav om relevant fagkompetanse i faget læraren underviser i vil styrkje læringsutbytte for elevane. Vi veit at det er ein samanheng mellom den formelle kompetansen læraren har, og resultata elevane får. Dette forslaget vil difor bidra til å auke kvaliteten på opplæringa, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

I dag er kompetansekrava berre knytt til å bli tilsett i undervisningsstilling. Endringa vil innebere krav om 60 relevante studiepoeng for å undervise i dei fleste fag på vidaregåande skule. Same krav vil gjelde for undervisning i norsk/samisk, matematikk og engelsk på ungdomsskulen. For dei fleste andre fag i ungdomsskulen og norsk/samisk, matematikk og engelsk på barnetrinnet, blir kravet 30 studiepoeng.

Kravet skal ikkje gjelde for dei som alt er tilsett i skulen. (©NPK)


Oppdatert: laurdag 14. april 2012 09.56
Kommentarar 1



 
ANNONSE: