Stort behov for nye energioperatørar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er stor trong for kompetente folk til å drifta vatn- og vindkraftanlegg når store investeringar og kraftverksoppgraderingar skal gjerast. Selskapa bør rekruttera lærlingar no, meiner Energi Noreg.

Alderen på dei som jobbar i kraftnæringa er høg, og mange vil gå av med pensjon dei neste åra. Samstundes vil aktivitetsnivået auka i tråd med store investeringsplaner i tida framover.

– Rundt 600 av energioperatørane i kraftnæringa – altså halvparten – er over 50 år, og desse må gradvis erstattast. I dag vert det utdanna 10-20 energioperatørar årleg, men me treng tre gonger så mange lærlingar for å sikra nok kompetanse til drift av nye vindkraftanlegg og for å erstatta pensjonerte operatørar ved vasskraftanlegga, seier kompetanserådgjevar Brynhild Totland i Energi Noreg i ei pressemelding.

Energioperatørar utfører drifts- og vedlikehaldsoppgåver på produksjonsanlegg for vatn-, vind-, biogass- og fjernvarmeanlegg, og dette gjev fleire høve til å velja jobb etter ferdig utdanning.

Les meir om yrkesval!