Større skilnad på høgt og lågt utdanna

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at dei sosiale forskjellane mellom folk med høg og låg utdanning har auka dei siste åra. Skilnadane er tydelegast når det gjeld moglegheit til å kjøpe bustad og til å legge ut for uventa utgifter.

Ferie eller ikkje ferie?
Tala frå SSB fortel at lengda på utdanninga har innverknad på om ein har råd til å dra på ferie, gå til tannlegen eller eige eigen bustad, melder Dagsavisen.

Ifølgje tal som SSB har publisert tidlegare, har éin av tre nordmenn høgare utdanning, mens 27 prosent ikkje har meir enn grunnskuleutdanning.

LES OGSÅ: Politistudentar mest nøgde med studiet

Hadde venta større problem

Dei sosiale forskjellane slår tydelegast ut på bustadmarknaden. Delen bustadeigarar har i perioden 2003– 2015 stige med tre prosentpoeng for dei med vidaregåande utdanning og seks prosentpoeng for dei med høgare utdanning.

For folk med grunnskuleutdanning har delen har gått ned med ni prosentpoeng i den same perioden, viser dei nye tala frå SSB.

– Det er urovekkjande at forskjellane aukar, men samtidig er det kanskje litt overraskande at problema for dei utan vidaregåande skule ikkje har auka meir. Det er nok eit bilete på at Noreg har hatt ein periode med eksepsjonelt god jobbvekst, seier forskar i forskingsstiftinga Fafo, Jon Erik Dølvik, til avisa.

LES OGSÅ: Studentar jobbar meir enn før