Større økonomiske forskjellar i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sidan 2006 har den økonomiske ulikskapen i Noreg auka med 14 prosent, viser tal frå Det tekniske berekningsutvalet (TBU). 

Fasiten i TBUs hovudrapport, som vart lagt fram onsdag, viser at vi får stadig større forskjellar, skriv Klassekampen.

Økonomisk ulikskap blir internasjonalt målt med den såkalla Gini-koeffisienten. Målt etter den har Noreg, nest etter Island, lenge vore det landet som hadde minst klasseskilje i Europa.

Frå 2006 til 2015 gjekk Noregs Gini-tal frå 0,216 til 0,247, ein auke på i overkant av 14 prosent, om utbytte blir teke med i inntekta. Under den blå regjeringa har utviklinga skote i vêret. Frå 2013 til 2015 har ulikskapane auka med 9,7 prosent.

– Det er ein tendens som har vore i mange land, og den har vore hos oss ei god stund, seier Ådne Cappelen, leiar for TBU.

Erlend Wiborg (Frp) (bildet), nestleiar i Stortingets arbeids- og sosialkomité, meiner innvandringa er ein viktig årsak til auka ulikskap.

– Det ser vi også på fattigdom i Noreg. Nokre forskjellar vil ein alltid ha i eit samfunn, og det er bra, men dei bør ikkje vere for store, seier han.

SV-leiar Audun Lysbakken seier at samfunnet er på veg i feil retning og meiner politikarane kan endre utviklinga.

– Vi kan endre arbeidsmiljølova, styrke fagrørsla, motverke sosial dumping og vekst i innleige, seier han.

(©NPK)

Kjelde: Wikipedia