Stor nynorsk-siger i Tysvær

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Tysvær bygdeblad

Tala frå dei tre krinsane som ein kunne røyste i var svært tydelege. Det var ja til nynorsk i alle tre og tala låg rundt pluss minus 70 prosent.
– Me har vore så spente og har jobba så hardt for dette i lang tid. At dei som møtte opp støtta oss på denne måten er heilt fantastisk. Dette er ein stor kveld for oss, seier Synnøve Bredal Bjelland og Solgun Liestøl i Mållaget.
71 ja og 29 nei er på mange måtar ein soleklar siger i det som er ei rådgjevande røysting, som nå skal bli ei sak for lokalpolitikarane.
Men, det er eit stort men i saka. Berre 19 prosent av dei omlag 3.400 som kunne røyste møtte opp.

Utfordring
– Tala er klare og viser tydeleg kva dei som røysta meiner om saka. Nå skal alle tala på bordet til rådmannen som skal lage ei politisk sak om dette, og den skal vere klar i august, og endar opp i kommunestyret i september, seier ordførar Sigmund Lier.
– Overraska?
– Nei, ikkje over resultatet, men litt over valdeltakinga. Dette blir utfordrande for dei som skal jobbe med saka vidare, og det inkluderar politikarane, seier Lier.

Tala
Her er tala for dei tre krinsane:
Grinde: 67,5% ja – 32,5% nei
Tysværvåg: 78,0% ja – 22% nei
Førland: 68,4% – 30,5% nei + ei blank stemme
Totalt: 715 ja – 29% nei.

Fleire nynorsk-sigrar!

Byrådet i Bergen har vedteke å styrka nynorsken

Vestlandshøgskulen blir nynorsk

Snart får du omsetjing frå nynorsk til svensk