Stor Donald-etterspurnad

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Møre

Det er ikkje kvar dag kjentfolk dukkar opp parodiert i Donald. Men denne veka byr teikneserieheftet på Rarill Kriise, ein nynorsktalande kjend journalist, med klare likskapstrekk til ørstingen og tv2-profilen Arill Riise.

LES OGSÅ: «Rarill Krise» snakkar nynorsk!

Duckifisert Riise
Kriise gjer sin entré i historia «Trua art på framand tomt». Onkel Skrue og Gulbrand Gråstein knivar om å selje ei tomt der Andeby sitt nye rådhus skal liggje. Det viser seg at ein sjeldan snigle, den kvitstripa nakenstinksnigla, held til på tomta til Skrue, og den duckifiserte utgåva av Riise troppar opp på Skrue sitt kontor for å lage ei sak om snigla.

Fleire norske media, inkludert Møre, meldte først at Kriise var den første nynorske karakteren i Donald-bladet på 50 år, men dette vart avkrefta av ein merksam lesar i tysdagsutgåva av Møre. Donald-entusiasten Odd Kåre Fløtre hugsa ei historie med nynorsk karakter frå eit blad på 1970-talet, noko Donald-redaksjonen kunne stadfeste at stemte.

LES OGSÅ: Stem på verdas beste nynorske blogg!

Fleire utselte
Sidan dei færraste kan skyte på seg kjennskap til ein Donald-karakter, er det kanskje ikkje så rart at ørstingane og voldingane har vist litt ekstra interesse for Donald-bladet denne veka.

– Vi var utselt allereie på måndag då bladet kom ut, fortel Benjamin Yndestad på Narvesen i Ørsta.

Narvesen i Volda er òg utselt, men her forsvann ikkje det siste bladet før på onsdag.

– Vi hadde stor etterspurnad i førre veke, då nyheita om at Riise var med kom. Men det virka som folk gløymde det over helga, fortel Eivind Lysbakk.

LES OGSÅ: Har ikkje «gløymd» nynorsk i Ørsta

Stor interesse

På Sæbø har etterspurnaden vore variabel. Medan Joker var utselt allereie på måndag, hadde Bellingen framleis to blad att onsdag ettermiddag.

– Det spørst om eg må starte å reklamere for det. Eg veit ikkje om folk har fått det med seg, seier Sara Årseth på Bellingen.

Torbjørn Kleppedal på Joker kan derimot fortelje om stor etterspurnad.

– Det er klart etterspurnaden er større enn til vanleg. Vi skulle bestilt fleire blad denne veka, men då er vi avhengige av å vite om det ei stund på førehand, forklarer han.

LES OGSÅ: Mållaget: – Dette vil folk ha