Spent, men gler seg til å ta øya tilbake

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta frå Grannar.

Den 22. juli 2011 sat 16 år gamle Mari Klokkerstuen Kjellesvik på ein buss frå Haugesund på veg heim til Etne. Ho fekk med seg at det skjedde noko spesielt i Oslo og på Utøya. Vel heime hos familien fylgde ho dei nedslåande nyhenda på tv og internett gjennom heile natta.

— Eg hugsar det heile som om det var i går. Det var som tida stod stille.

LES OGSÅ: AUF tek Utøya tilbake

Gler seg
I januar blei Klokkerstuen Kjellesvik valt til leiar for Hordaland AUF, det fjerde største fylkeslaget med rundt 500 medlemmar. Då hadde ho sete i styret i tre år, det siste som organisatorisk nestleiar.

Den 7. august leiar ho fylkesdelegasjonen på nærare 60 ungdomar frå Hordaland som deltar på den aller første AUF sommarleir på Utøya etter massakren. Det er rekordmange deltakarar frå Hordaland, eit fylkeslag som blei hardt ramma av terroren på Utøya for fire år sidan, der så mange som 69 personar mista livet. Laget mista fem ungdomar, blant dei Tore Eikeland som var fylkesleiar og spådd ei lysande framtid som politikar.

— Eg gler meg til leiren, men samstundes blir det spesielt. Det er veldig viktig for AUF at alle blir iveretatt og at alle tar vare på kvarandre. Å vera der for medlemane i Hordaland er eit ekstremt stor ansvar, men dette skal me klara alle i lag, seier etnejenta som fyller 21 år i oktober.

LES OGSÅ: Jaktar svaret på terrorgåta

Student i Bergen
Ho har slått seg ned i Bergen som student i det tyske språket, og planen er å halda fram studiane i haust, truleg innan økonomi- og administrasjonsfag. I byen mellom dei sju fjella har Mari sommarjobb ved Det Hanseatiske Museum på Bryggen.

Som sjuande kandidat på Hordaland Ap si fylkesliste må ho også setja av tid til valkamp i sommar. I helgene drar ho til Etne, så sant ho har ledig tid. Som førre helg då ho var heime i eit sommarbryllaup.

Etter tragedien på Utøya valde Mari å bli politisk aktiv og meldte seg inn i ungdomspartiet til Ap. Eit val ho gjorde uavhengig av foreldra, trass ei mor (Siri Klokkerstuen) som har vore med i lokal- og fylkespolitikken for Ap i fleire tiår.

— Eg har alltid vore glad i å diskutera, og det var ryggmargrefleksen og ideologi som gjorde at valet fall på AUF og Ap.

Fleire besøk
Gjennom AUF lærer ho mykje, og får treffa interessante personar. Som fylkesleiar var ho i vinter på samling i Brüssel og helste på Nato-sjef, og tidlegare Ap-leiar og statsminister, Jens Stoltenberg, og nåverande Ap-topp Jonas Gahr Støre har ho også hatt gleda av å møta.

Om sommarens leir blir hennar første på Utøya, er 20-åringen likevel godt kjent på den historiske øya i Tyrifjorden i Hole kommune. Gjennom AUF har ho vore på besøk der fleire gonger, første gong på minnesmarkering eitt år etter tragedien, og seinast for éin månad sidan då landsstyret i ungdomsfylkinga sette av éin dag der ute.

— Utøya har vore ein veldig sentral del av vår historie dei siste 60 åra, og mange av dei gamle travarane i Arbeidarpartiet snakkar om si tid på Utøya med stjerner i augene – sommarleirane der er noko av det dei hugsar best.

Fin balanse
Onsdag 22. juli blir minnestaden etter terrorangrepet offisielt opna på Utøya. Her kan etterlatne som mista sine kjære på øya, og alle andre besøkande, minnast omkomne og lesa namna på alle som mista livet i det tragiske angrepet.

— Å ta i bruk Utøya er for meg ein fin balanse mellom tre ting; ein stad å minnast, ein stad å læra og ein stad for demokrati og politisk diskusjon.

Sjølv om det kan bli tøft, skal det bli godt å samlast og oppleva den skikkelege Utøya-atmosfæren.

Sterkt minne
Om Mari Klokkerstuen Kjellesvik personleg ikkje kjende ofra frå Utøya, vil det bli sterke kjensler som rører på seg når ho skal på sin første sommarleir der.

Frå tidleg ungdom har ho eit sterkt minne frå eit årsmøte i Hordaland Ap då ho var med politikarmamma Siri. Ho sat på bakarste benk og lytta då ein ung talefør representant inntok talarstolen.

— Det var Tore Eikeand. Hans tale er eit sterkt og godt minne, seier 20-åringen som ser fram til ein litt spesiell sommarleir, fri for agitasjon mot politiske motstandarar, og dagar fylte av med gode debattar, føredrag, fokus på felles verdiar og ikkje minst internasjonal solidaritet.

LES OGSÅ: – Framleis den finaste staden i verda