Sparkar mot kommersiell russetid

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ville ha ei russetid utan store forpliktingar og utgifter, der me samstundes kunne vere ein del av ein gjeng og finne på eitt og anna når det passa seg, forklarar Mathilde M. Sjøhelle Eiksund som går siste året på Volda vidaregåande skule.

Saman med sju andre medelevar som er både nynorskruss og kruss (kristenruss), har ho feira russetida som sparkesykkelruss.

Hooking og drikking
– Personleg er eg sparkesykkelruss fordi eg hadde eit ønske om å vere litt alternativ, og markere at eg ikkje støttar mykje av det russetida har blitt i dag.

Mathilde hadde eit ynskje om å feira russetida utan å bruka mykje pengar, eller ofra karakterane på skulen.

I tillegg er ho nynorskruss.

LES OGSÅ: Etter initiativ frå engasjert nynorskruss lovar ruseleverandørane å levere nynorske russekort og strykemerker til russen 2017.

– Konseptet nynorskruss passar inn i mitt ønske om at russetida kan handle om uskuldig moro som ikkje treng å omhandle alkohol og sex. Sjølvsagt er russen opptekne av både drikking og hooking, det gjeld også  sparkesykkelrussen, men dette treng ikkje vere det som kjenneteiknar oss og det som folk forbinder med russ, skriv Mathilde i ein e-post til Framtida.no.

Ho meiner for mykje av russekulturen sirklar rundt dårlig popmusikk med tekstar som «i kveld er det lov å være hore», og russelogoar med lettkledde jenter og muskuløse gutar. Dette ynskjer 18-åringen å ta avstand frå. 

– Å vere sparkesykkelruss er ikkje eit spark mot russen, men mot dei kommersielle kreftene som vil lure festglad ungdom til å kaste vekk pengane og karakterane sine på 17 dagar i raude klede.

DEBATT: «Kvifor får ikkje dei positive sidene ved russetida meir fokus?»

Bursdagsgåve og bengalakk
Ifølgje ei undersøking gjort av DNB før årets russetid rekna russen sjølv med å bruka 20.000 kroner på den store feiringa. Mykje av dette går til buss eller bil.

Sparkesykkelrussen har på si side fått, lånt eller brukt mellom 600 og 2000 kroner på ein god sykkel. Kostnadane for raud bengalakk kjem i tillegg.

Russekleda er òg dekorert på lågbudsjett med eigne strykemerker og logo teikna med penn.

Gøy med sparkesykkel
Til liks med resten av landets russekull er sparkesykkelrussen oppteken av å ha det gøy i russetida.

Og Mathilde forsikrar om at sparkesykkel er eit utmerka framkomstmiddel i heimbygda Volda – trass mange oppoverbakkar.

– Å vere sparkesykkelruss er gøy. Eg føler meg kul på sparkesykkel, og eg likar den merksemda me får når me rullar gjennom gatene, på matvarebutikken, i skulegangen eller åtte rundar i rundkøyringa.

LES OGSÅ: Sykkelruss med nynorsk motor

(Saka held fram under biletet.)


Anna Liv Leikanger Aasen (fremst), Eline Krøvel (midten), (frå høgre:) Mathilde Sjøhelle Eiksund, Elena Carrieri og Simon Engeset Løfoll kosar seg på lågbudsjett i russetida. Foto: Privat

Bilkultur på bygda
Men den entusiastiske russen må medgje at det er nokre fordelar med å ha russebil. Når resten av russen rullar med motor kan det vera utfordrande å hengja med på sparkesykkel.

Dei har difor fått lov å sitje på i russebil og er ikkje direkte negative til russebilkulturen i Volda.

– Å vere bygderuss er eigentlig innmari hyggjeleg. Me er så få at ein kjenner til dei fleste og det er ein god tone mellom russen, uansett framkomstmiddel. Pengepresset på bygda er også mindre enn i byane, vil eg påstå. Bilane går så og seie i arv, og lokale russearrangement er anten gratis eller overkommelig billige.

Er det for mykje kjøpepress i russetida?
Ho meiner at det heilt klart er for mykje kjøpepress, slik det er lagt opp frå leverandørane Russ.no, Russeservice og Russedress.

– Russen får tilbod om å kjøpe alt mogleg rart russetilbehør, som etter mi meining er heilt latterlig at ein skal bruke pengar på, berre fordi ein er avgangselev. Kva skal eg med eit klesskap fullt med joggedressar, jakker og ymse plagg med norske flagg og «Russ 2016» på? spør Mathilde. 

Sjå meir frå Sparkesykkelrussen på Instagram: