Som å vinne Idol

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag traskar han gjennom korridorane på Stortinget, som trainee. På måndag ynskjer han seg plass i kommunestyresalen, med fjerdeplass på lista åt Framstegspartiet.

– Kommunepolitikk er veldig annleis enn rikspolitikk. Fordi ein ser resultata så fort, og  så er det jo stor forskjell på summane. Ein kjenner sjølv problema i ein heilt annan grad, har sjølv gått på skulen og kjenner dei eldre, fortel Stig Ove Ølmheim.

Kommunikasjonskvardag
I juni byrja Stig Ove som trainee i kommunikasjonsavdelinga åt Framstegspartiets stortingsgruppe. Med dagsaktuelle saker, faktainnhenting og valkamp, jobbar han for dei 41 representantane.

Arbeidsdagen byrjar klokka seks om morgonen, med å lese 20 aviser. Så er kvardagen dress på jobb, venleg stemning og lunsj på Framstegspartibord i stortingskantina.  

– Klart det er kjempeinteressant å ha arbeidsplassen sin på Stortinget. Eg trur nettverket og kjennskapen til rikspolitikken vil vera veldig viktig for meg som kommunestyrepolitikar. Berre det å ha moglegheit til å ringe ein stortingsrepresentant eller det å kjenne til prosessane, vil vera viktig for meg som kommunepolitikar, fortel Stig Ove.

4. plass
Stig  Ove er den yngste kumulerte kandidaten til kommunestyrevalet i Sogndal, med 4. plass på Framstegspartiets liste. I dag har partiet 5 representantar.

I fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane står Stig Ove på 6. plass, som er partiets kampplass.

– For meg er eldrepolitikk, skule og barnehage viktig. Så ynskjer eg å nye arbeidsplassar, og skape ei JA haldning i kommunen og i fylket vårt.

Sogn
– Noko av det eg meiner er utfordrande med å drive lokalpolitikk, er at du må kjempe mot byråkratiet. I Sogn har vi følte mykje på dette, i forhold til vasskraftutbygging og bruk av andre uutnytta ressursar. Det er eit problem når prosjekt vert stoppa av Fylkesmannen eller anna statleg byråkrati, seier Stig Ove.

Sjølv om han meiner mange av moglegheitene ligg på Vestlandet, er han redd for at område vert verna i hjel. Og meiner område som skal vera levande museum, ikkje vert levande, men utryddningstruga.

Distriktsliv
– Kven skulle gå der, om ikkje eg gjer det? spør Stig Ove, som har vald å ta bachleorgraden i Sogndal. Det gjer han ikkje berre for å støtte distrikta, men fordi han meiner skulen er god studiemiljøet er fantastisk.

– Eg trur det er viktig å hugse at distrikta har ulike utfordringar, dei fleste slit med nedgang i folketalet, men nokre opplever faktisk for stor tilflytting. Både i debatten om bulystmidlar og elles,  meiner eg mest mogeleg av midla må styrast lokalt, seier han.

Mindre viktige bokstavar
I dag er ingen av representantane i kommunestyret på Stig Ove sin alder. Han trur ikkje det er fordi dei møter motbør, men fordi for få unge engasjerar seg. Sjølv stilte han til val også for fire år sidan som attenåring, men då på fjortande plass.

– Både for fire år sidan og no, har eg utelukkande fått positive attendemeldingar. Kanskje like mykje frå folk i andre parti. Og i kommuneval betyr person mykje, og då er ikkje alltid bokstavane bak namnet like viktige, avsluttar Stig Ove.