– Som å finna ei fossil snørrklyse

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er uhyre sjeldant med så gode fossil av blautdyr, seier forskarane Jørn Hurum og Hans Arne Nakrem.

Vanlegvis er det berre dei harde delane av dyr og plantar som vert til fossil, som knoklar og skal. Difor er det av stor verdi for forskarane når blaute kroppsdelar òg vert fossilisert, slik som til dømes skjedde med mageinnhaldet til Ida-fossilet.

Dermed var det ein sensasjon då ei gruppe forskarar i 2009 kunne rapportera om fem godt bevarte fossil av åttearma blekksprutar som levde for 95 millionar år sidan. Blekksprutane var av tre ulike artar.

Grunt hav
– Ein død blekksprut vert raskt til ei slimete masse. Å finna eit fossil som dette, er som å finna ei fossil snørrklyse, seier Jørn Hurum frå Naturhistorisk museum (NHM) ved Universitetet i Oslo.

LES OGSÅ: Treningslyst kan styrkast

– Vårt fossil er frå same staden som dei som vart beskrivne i 2009, og kanskje endå eit hakk finare, seier han.

Fossila er funne i Hâdjoula i Libanon. Her var det eit grunt hav med mykje kalkslam, som dekka dei døde dyra før dei vart etne av åtseletarar eller fekk tid til å begynna å rotna.

Kjenner ingen mellomledd
– Vi kan tydeleg sjå sugekoppar, hud, muskelavtrykk, blekksekk, auge og tarmsystem. Desse blekksprutane liknar mykje på dei som lever i dag, og viste at dei har utvikla seg titals millionar år tidlegare enn det vi hadde trudd til då, seier professor Hans Arne Nakrem frå NHM.

– Men vi kjenner så godt som ingen mellomledd mellom desse 95 millionar år gamle fossila og dagens blekksprutar.

Han fortel at noko av det spennande med å motta eit fossil frå ei slekt som er såpass nyleg beskriven, er at det framleis står att forsking som kan gjerast.

Sofistikert laboratorium
– Vi veit at vårt eksemplar er av same slekta, Keuppia, som to av dei tre beskrivne artane. Men vi er ikkje sikre på om det er ein ny art eller ikkje.

LES OGSÅ: Kan biene løysa antibiotika-krisa?

– Og uansett har vi ved NHM sofistikerte laboratorium som kan avdekkja nye tilhøve ved anatomien hjå dette fossilet, seier Nakrem, og garanterar at det i framtida vil koma mange fleire spennande funn frå Hâdjoula, spesielt av blautdyr.

Fossilet er ei gåve frå PalVenn, eller Paleontologisk museums Venner. Hurum kan ikkje få rost veneforeninga nok.

Frivillige entusiaster
– Som ei av dei tre veneforeninga ved NHM, er støtten vi får frå PalVenn uvurderleg. Nokre få av oss får sjansen til å gjera lidenskapen vår til eit levebrød. Men utan støtten vi får frå frivillige entusiastar som PalVenn, hadde mykje av det vi driv med, vore vanskeleg eller umulig å gjennomføra.

– Innkjøp som dette er eitt døme, eitt anna er utgravingane våre på Svalbard. I tillegg stiller dei gladeleg opp til små og store formidlingsaktivitetar, både her ved NHM og andre stader, seier Hurum.

Fossilet vart vist fram fyrste gong ved NHM under den tiande Geologiens dag 12. september, og vil no verta utstilt i Paleontologisk sal i W.C. Brøggers hus.

LES OGSÅ: Vanskeleg å forutsjå kva artar som treng vern

Denne artikkelen er også publisert på Forskning.no.