Solsida av oljepriskrisa

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommentaren var først i Dag og Tid

Få såg raset kome, men brått vart oljeverda heilt om­­kalfatra. På det siste halvåret har oljeprisen blitt halvert og ligg no og duppar under 50 dollar fatet. For oljelandet Noreg er dette dramatisk. Både utvinninga og den store olje­service­industrien blir råka av prisfallet. Kring 10.000 arbeidsplassar er borte alt, svært mange andre er sterkt truga.
Mykje står på spel for Noreg. Kring 150.000 nordmenn arbeider i oljeindustrien, og ringverknadene gjev kring 100.000 arbeidsplassar til. Petroleumsverksemda har dei siste åra stått for over 20 prosent av BNP, halvparten av eksportverdien og ein tredjedel av statsinntektene.
På den andre sida: Den auk­­ande oljeavhengnaden har vore ei kjelde til uro i mange år, og det var vore sagt til det keisame at Noreg ikkje må bli ein einsidig petroleumsnasjon som Kuwait. «Ein skal aldri kaste bort ei god krise», meinte Winston Churchill. Så om vi skal sjå lyst på det, kva høve opnar dette oljeprisfallet for Noreg?

LES OGSÅ: – Ikkje aktuelt å kutte i oljeproduksjonen

Ting å gjere
Noreg har som kjent ein stor fordel samanlikna med dei fleste land: Staten er ikkje nedlest i gjeld, men har tvert imot mykje pengar på bok. For tida har Oljefondet ein verdi på kring 6500 milliardar kroner – det er meir enn anslaget på verdien av oljeressursane som er att på sokkelen. Og det manglar ikkje på arbeidsoppgåver for dei hendene som no blir ledige, dersom staten er viljug til å betale. Ikkje minst er det svære behov for å pusse opp infrastrukturen her i landet.
Etterslepet på vedlikehald av offentleg infrastruktur var på kring 800 milliardar kroner, hevda Rådgivende ingeniørers forening (RIF) i ein stor rapport i 2010. Verst stod det til med vass- og avløpssystemet og jernbanen.
Når oljebransjen no bråbremsar, kan det bli lettare å få teke att noko av etterslepet, meiner Liv Kari Skudal Hansteen, administrerande direktør i RIF.
– Dette kan gje rom for å få heva standarden på mykje av infrastrukturen. Vi har eit stort etterslep på svært mange område. Det krev store investeringar berre å kome attende til gammal standard på infrastrukturen. I tillegg har vi fått nye behov: Klimaendringar gjev meir nedbør, og det krev opprusting av infrastrukturen. Og auka befolkning fører til nye behov. På mange måtar må vi byggje landet på nytt.

LES OGSÅ: – Regjeringa har to oljeministrar

Ingeniørmangel
Dei enorme investeringane i oljeindustrien dei seinaste åra har truleg gjort det vanskelegare å få løyst ein del offentlege oppgåver, meiner Skudal Hansteen.
– Om det no blir meir rom for offentlege investeringar, er det bra. Det har vore stor mangel på ingeniørar på mange felt. Å få frigjort ein del fagfolk til å arbeide med infrastruktur er positivt.
Ho gjev honnør til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for å ha satsa på å stogge forfallet til riksvegane.
– Eg håpar regjeringa ikkje berre held fram det gode arbeidet som er byrja der, men òg vil stogge forfallet på fylkesvegar, kommunale vegar, i jernbanen og avløpssystema. Det er nok å ta tak i.

LES OGSÅ: – 2014 var eit tapt år for miljøet

Bra for kommunane
Ingeniørmangelen i kommunane har vore eit stort problem dei seinaste åra, stadfestar Arve Christensen, som er spesialrådgjevar i Norges ingeniør- og teknolog­organisasjon.
– Vi veit at nesten halvparten av norske kommunar har mangla teknisk arbeidskraft. Da blir det vanskeleg å få gjort det ein skal til rett tid, seier Christensen.
– Dette har vore spesielt aktuelt på Vestlandet, på grunn av konkurransen frå oljesektoren og leverandørindustrien som kan lokke med betre løn.
No kan bråbremsen for oljesektoren truleg kome mange kommunar til gode, trur Arve Christensen.
– Om kommunane er litt om seg no, blir det nok fleire teknisk utdanna folk å hente enn før.

LES OGSÅ: Kampen om reaktoren

Veg og bane
Dersom regjeringa viser seg viljug til å opne pengesekken og satse på å bruke pengar no, er det i så fall klassisk motkonjunkturpolitikk: å møte nedgangstider i næringslivet med offentlege tiltak for å halde hjula i gang.
Fleire mykje siterte norske økonomar har teke til orde for ei slik line. I Dagens Næringsliv tilrådde nyleg samfunnsøkonomane Steinar Strøm og Knut Røed å setje i gang investering­ar i infrastruktur for å halde arbeidsløysa nede: vegar, jernbane, t-bane, sjukehus. «Nå har vi alle muligheter til å få gjort en del nyttige og viktige ting i Norge», sa Røed og peika på at det var rom for å setje inn ekstratiltak alt i revidert statsbudsjett.
Men signala frå regjeringa er svært avmålte, finansministeren sit på gjerdet. «Vi har høy beredskap og følger utviklingen nøye», sa Siv Jensen til DN sist veke.
Det viktigaste stimulerande tiltaket til no er det Noregs Bank som har stått for, ved å kutte renta til 1,25 prosent i desember. Men rentekutt er upresist og gjev mange slag utslag: Det er bra for bedriftene, men det vil òg blåse meir luft inn i bustadpris­ballongen.

LES OGSÅ: Ny festival i nytt klimaår

Velsigna kronefall
Fallet i oljeprisen har ei openberr positiv side for norsk industri: Den norske krona har rasa i verdi i takt med oljen – sidan 2013 har krona mista ein tredjedel av verdien mot dollar. Og kronefallet har gjeve norsk eksportindustri langt betre vilkår.
Dette fallet er oppfyllinga av eit brennande ønske frå norske eksportbedrifter, men på ein annan måte enn bestilt. Da NHH-foreininga Norsk Industri la fram ti krav til norske politikarar våren 2013, var ein lågare kronekurs krav nummer éin. Om politikarane skulle oppfylt det ønsket, måtte dei helst gjort det med å kutte hardt i offentleg penge­bruk. No har valutamarknaden gjort jobben i staden.
Effekten av kronefallet viser seg allereie i eksporten, syner ferske tal frå SSB. Verdien av fastlandseksporten auka med 6,5 prosent frå 2013 til 2014, og kompenserte for fallet i oljeprisen.

LES OGSÅ: Mikroplasten truar livet i havet

Stor hjelp
– Kronefallet det siste halvåret har vore til stor hjelp for mange norske bedrifter, seier Knut E. Sunde, direktør i Norsk Industri.
– Det har rett nok ulemper for nokre bedrifter som produserer for den norske marknaden, men i sum er det bra for norsk industri.
Sunde meiner norsk industri kjem til å handtere den nye situa­sjonen.
– Vi er flinke på omstilling i Noreg. Vi kjem til å få ein mindre oljesektor og noko mindre leverandørindustri, og det trur vi Noreg er budd på. Men det er ei lukke at utbygginga av Johan Sverdup-feltet kjem snart. Utan det ville dette fallet vore verkeleg dramatisk.
I tillegg får fastlandsindustrien ein annan fordel av oljeprisfallet: Dei store oljeinvesteringane dei siste åra har både støvsugd marknaden for tekniske fagfolk og til dels drive opp lønene forbi smertepunktet i mange andre bransjar. Oljesuget i arbeidsmarknaden vil minke, om dagens oljepris blir langvarig.
– Lågare lønsvekst gjev betre konkurransekraft for bedrifter som ikkje er oljerelaterte. Her kan vi få vekst i aktiviteten. Ein svak kronekurs bidreg til til det same, seier Ådne Cappelen, forskar i SSB.

LES OGSÅ: – Vi er veldig gode på å stenge ute ubehageleg informasjon

Ulønsamt
Om vi dreiar perspektivet vekk frå økonomi og over på miljø, er det andre lyspunkt ved at norsk petroleumsbransje no må bråbremse. Med ein oljepris på under 50 dollar fatet blir svært mange oljefelt i norske farvatn ulønsame å byggje ut. Ikkje minst gjeld det felta som ligg lengst mot nord, der det frå før er lite infrastruktur.
Maren Esmark er general­sekretær i Naturvernforbundet og feller ingen tårer for at oljeprisfallet gjer ei rekkje norske oljefelt ulønsame.
– Ikkje minst er det bra at nokre av dei mest risikable prosjekta i Barentshavet er ulønsame med denne oljeprisen, seier Esmark.
Men ho er skuffa over den siste konsesjonsrunden denne veka, der statsråd Tord Lien opna for oljeutvinning enda lenger mot nord takka vere ei omdefinering av omgrepet «iskanten».
– At regjeringa no opnar for felt enda lenger mot nord i Barentshavet, er heilt avsindig. Vi må berre håpe at staten ikkje held fram med å gje milliardsubsidiar til leiteboring etter olje som det uansett ikkje er lønsamt å utvinne.

LES OGSÅ: Vier litteraturfestival til oljå

Nye takter
I Statoil skjer det reorientering for tida, og det set Maren Esmark stor pris på. Denne veka gjekk strategisjef John Knight i selskapet ut og sa at milliardinvesteringa i canadisk oljesand i 2007 neppe ville blitt gjord i dag.
– Det synest eg er kjempebra. Men dette har vi sagt til Statoil lenge: Det er ikkje lurt i å investere i løysingar som ikkje er framtidsretta og berekraftige.
Esmark understrekar at oljeprisfallet òg kan føre til auka forbruk globalt. Låg oljepris er ikkje nok, det må CO2-avgift til for å bremse forbruket og gjere fornybar energi meir attraktivt. Ho vonar at kutta i oljebransjen no skal frigjere dyktige fagfolk til å utvikle andre energikjelder.
– At investeringane og interessa for petroleumsverksemda no går ned, er strålande. Dei kloke hovuda trengst i andre, meir framtidsretta næringar, seier Maren Esmark.
Eit atterhald til slutt: Svært få såg det dramatiske fallet i oljeprisen kome. At spåmennene no seier at dei låge oljeprisane truleg kjem til å bli langvarige, treng ikkje tyde at det er sant. Om oljeprisen sprett opp att fort, blir denne artikkelen sørgjeleg uaktuell. Men det vil òg vere godt for noko.

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?