Søkjarane har høgt snitt

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder universitetet på sine nettsider.

I desse dagar får komande studentar vite kva studiar dei har kome inn på. Dermed vert også poengsummen til dei ulike programma gjort kjent.

LES OGSÅ: Student på hybeljakt

Årets opptakstal syner at til 34 av UiOs studieprogram har søkjarane over 50 poeng.

Poengsummen er basert på karaktersnittet til søkjarane. I tillegg tel eventuelle tilleggspoeng med.

Profesjon på topp
Også i år er det vanskelegast å kome inn på dei tradisjonelle profesjonsstudia, som medisin og psykologi.

I tillegg har program innan matematikk og naturvitskap, samfunnsvitskap, utdanningsvitskap og humaniora høge poenggrenser.

LES OGSÅ: Tilbyr sofaen til huslause studentar

Også opptak til lektorprogrammet krev ein høg poengsum i år. Søkjarane til studieretningen for kultur og samfunnsfag har til dømes 50,8 poeng i ordinær kvote, mot 49,5 i fjor.

Sjå liste over poengsummane.

Venteliste i Sogn og Fjordane
Samtlege studieplassar ved UiO er fylt opp i hovudopptaket. Universitetet har opp mot tre førstegongssøkjarar per studieplass og 10. 700 får tilbod om plass i 2014.

Også ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har søkjartala vore høge i år.

759 personar står på venteliste for å få studieplass ved høgskulen. Særleg er sjukepleiarstudiet, eigedomsmekling og idrett populære fag, melder NRK.no.

LES OGSÅ: Få ein god studiestart