≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Høgare utdanning

Søkartala: IT og helsefag med stor auke

Rekordmange vil ta høgare utdanning.

Svein Olav B. Langåker
torsdag 20. april 2017 12.34

Søkartala: IT og helsefag med stor auke Aldri før har så mange søkt om å bli student ved Universitetet i Bergen. Informasjons- og kommunikasjonsteknologi ved UiB hadde over dobbelt så mange søkarar som i fjor. Foto: Emil Weatherhead Breistein, UiB

Nesten tre prosent fleire enn i fjor har søkt seg til universitet eller høgskule. Talet på søkarar til informasjonsteknologi har auka med over 1100 søkarar frå i fjor. Det er ein auke på meir enn 30 prosent.

– Eg er glad for at dagens unge menneske høyrer på gode råd og vel teknologi. Me treng fleire som ikkje berre forstår seg på den digitale verda, men som òg kan vera med på å utvikla nye løysingar med teknologi som verktøy, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

500 nye IKT-studieplassar
Regjeringa løyvde difor òg, som eit resultat av budsjettforliket med samarbeidspartia Venstre og KrF i fjor, midlar til 500 nye studieplassar ved IKT-utdanningar.

– Noreg er blant dei meste digitaliserte landa i verda. Skal me utvikla kunnskapssamfunnet vidare og halda på den leiande digitale posisjonen vår, er det heilt avgjerande at me utdannar nye teknologar, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sannar.

LES OGSÅ: Derfor studerer unge i utlandet

Populært med helsefag
Òg dei fleste studieretningane innanfor helsefag har markant fleire søkarar i år enn i fjor. Sjukepleiarstudiet er det meste søkte studiet. 15738 søkarar har dette studiet som sitt førsteval, det er over seks prosent fleire søkarar enn i fjor. Det vil seia at det er over tre søkarar per studieplass.

– Eg er glad for dei høge søkartala til helsefagutdanningane. Me blir fleire og me blir eldre, så det er heilt klart eit stort behov for endå fleire kvalifiserte og motiverte medarbeidarar innan helsefaga i åra som kjem, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Student på hybeljakt? Her er dei beste råda frå Forbrukarrådet

Type utdanning Endring i søkartal
Arkitekt 7.84%
Barnehagelærar 7.78%
Estetiske fag 5.31%
Faglærar -6.37%
Grunnskulelærar 1-7 -3.62%
Grunnskulelærar 5-10 -5.54%
Historie 9.44%
Idrett 13.02%
Informasjonsteknologi 30.66%
Ingeniør -7.48%
Juss -6.42%
Landbruk 20.05%
Lærarutdanning 5 år 15.44%
Medisin 5.33%
Odontologi 9.95%
Realfag -0.42%
Samfunnsfag 1.06%
Sivilingeniør 0.41%
Sjukepleie 6.22%
Sosionom 5.87%
Språkfag 6.98%
Vernepleie 13.66%
Veterinær -13.38%
Øk./adm. -2.68%

Oppdatert: fredag 21. april 2017 22.57
Kommentarar



 
ANNONSE: