Sogn kan miste 578 arbeidsplassar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylka har fått frist til 1. desember på å diskutere kven dei kan tenkje seg å slåast saman med. Stortinget har bestemt at dei 19 fylka skal reduserast til «om lag ti» regionar.

Klassekampen skriv at Sogn og Fjordane er blant dei mest utsette ved samanslåing, og i dette tilfellet kan 578 arbeidsplassar forsvinne frå kommunane Leikanger, Sogndal og Luster. Det er då venta at 900 vil flytte frå området, fastslår ein rapport frå revisjons- og rådgivingsselskapet BDO, levert på oppdrag frå dei tre kommunane.

– Regjeringa kastar veldig mange ballar i lufta samtidig. Det får store konsekvensar for heile Sogn, seier ordførar i Leikanger, Jon Håkon Odd (Ap).

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) meiner regionreform ikkje er det same som nedlegging av distrikta.

– Eg vil arbeide for at vi held på kompetansen. Ein bør derimot sjå på arbeidsfordelinga innanfor dei store regionane, seier han.

I den store debatten om samanslåing ser det ut til at Oslo blir skjerma.

– Eg forstår at Oslo ikkje vil gi slepp på privilegiet sitt, seier Helge André Njåstad (Frp), leiaren av kommunalkomiteen på Stortinget. (©NPK)