Snus med smak kan bli forbode i Noreg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bakgrunnen er at EU i fjor vedtok eit direktiv som forbyr smakstilsetningar som vanilje, lakris, mentol eller liknande, i sigarettar og rulletobakk. Direktivet seier ingenting om snus, men er eit minimumskrav. Det vil difor vere naturleg for Helsedirektoratet å vurdere om forbodet også bør gjelde snus, skriv VG.

LES OGSÅ: Høie vil gjere tobakk kjedeleg

– Det er korrekt at vi for tida vurderer om vi skal tilrå eit forbod mot enkelte smakstilsetningar i snus, seier avdelingsdirektør for folkehelse i Helsedirektoratet, Hilde Skyvulstad.

Snus med smak utgjer 30 prosent av den totale snusmarknaden i Noreg.

Helsedirektoratet har som mål å levere tilrådinga om nye snusreglar til helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) neste månad. Direktoratet understrekar at ein ikkje har konkludert med noko som helst enno.

EU-direktivet som forbyr smakstilsetningar i røykjetobakk, er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen. (©NPK)

LES OGSÅ: – Auka snusbruk bra for folkehelsa