Snart kjem sommarpatruljen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Først publisert på Porten.no.

– Vi besøkjer unge tilsette, mellom fjord, fjell, bygd og by rundt om i Sogn og Fjordane denne sommaren, opplyser Fagleg Ungdomsekretær i LOs Distriktskontor i Sogn og Fjordane, Øyvind Åsarmoen Møller.

Opplyser ungdom som er i sommarjobb

LOs Sommerpatrulje blir arrangert i vekene 26 – 28 – dei to første vekene i juli –over heile landet, går det fram av ei pressemelding frå Distriktskontoret. Sommerpatruljen består av frivilljuge medlemmar frå LO-forbunda, som reiser rundt og besøkjer ungdom for å fortelje dei  kva dei har rett på etter lova, om slikt som arbeidstid, overtidsreglar, pausar, reglar for ferie med meir. 

 – Vi håpar på å møte mange ungdommar rundt om på bedriftene som har arbeidskontraktar og gode arbeidsforhold. 

I byrjinga av LOs Sommerpatrulje si historie braut annankvar bedrift som vart besøkt,  reglane i Arbeidsmiljølova.  I dei seinare åra har det hovudsakleg vore mangel på arbeidskontraktar som har vore utfordringa, no har dette vorte mykje betre.  

– Sjølvsagt er ikkje alle arbeidsgivarar ute etter å utnytte sine unge arbeidstakarar, og dei aller fleste har alt i skjønnaste orden. Andre ordnar gjerne opp i det vi peikar på der og då.