Snart kan du sjå om du har diabetes med telefonen

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdag diabetes med mobilen

Eit team ved Tec de Monterrey i Mexico har funne ut korleis dei kan oppdaga diabetes II i spyttet, og analysera resultata med ein gong gjennom ein smarttelefon, ifølgje ScienceDaily.

– Det er like enkelt som ein graviditetstest, der den spesifike markøren blir vist i løpet av få sekund, seier prosjektkoordinator Dr. Marco Antonio Rite Palomares.

Målet er ikkje berre å gjera det enklare å oppdaga diabetes for dei med smarttelefon.

– Medan idéen går ut på å gjera livet til pasienten enklare, vil me også skaffa helsehjelp til folk med låg inntekt, for å oppdaga sjukdommen tidleg. Slik kan me handla før sjukdommen fører til større problem og kostnadar både for folket og regjeringa, forklarar Palomares.

No leitar teamet etter samarbeidspartnarar som kan masseprodusera apparatet.

Her er eit anna gjennombrotkanskje du slepp sprøyter i framtida?

Faktaboks