Snart kan du planlegge reise på skulen

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er dei nye valfaga

Regjeringa gjev ungdomsskulane høve til å gjennomføre seks nye valfag frå hausten 2013. ”Trafikk”, ”Natur, miljø og friluftsliv”, ”Levande kulturarv”, ”Demokrati i praksis”, ”Reiseliv” og ”Innsats for andre” er dei nye faga elevane kan velje mellom.  

– Auka motivasjon er nøkkelen for meir læring. Ved å gje elevane moglegheit til å fylgje dei faglege interessene sine og lære på varierte måtar, vil dei lære meir også i kjernefaga, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.  

Reiseplanlegging og trafikalt grunnkurs
I valfaget ”Trafikk” vert det høve til å ta trafikalt grunnkurs på skulen, dersom ein er over 16 år. Tek ein ”Reiseliv” reiseliv kan ein planlegge og presentere ulike reiser i Noreg eller utanlands. I faget ”Levande kulturarv” kan elevane mellom anna skape eigne uttrykk og produkt, som gjenstandar, matrettar eller musikk.  

”Demokrati i praksis” kan omhandle til dømes menneskerettar, demokratiske verdiar eller elevrådsarbeid. I ”Innsats for andre” skal elevane mellom anna lære om føresetnadane for å drive frivillig arbeid, og delta på ulike frivillige tiltak i nærmiljøet. ”Natur, miljø og friluftsliv” kan innebere både turar, og aktivitetar som aktivitetar som fiske, fangst, jakt eller dyrking.  

Hausten 2012 vart 8 nye valfag innført på ungdomstrinnet.   

Les meir om valfag her!