Snart blir Jan Roger (14) blir historisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jan Roger (14) blir historisk

Artikkelen var først hos Bladet Sunnhordland

9.-klassingen ved Nysæter ungdomsskule har markert seg i aldersfastsette klassar i ei årrekkje, og deltok på kvalifisering i Tyskland i fjor.

Der viste han at han held nivået, og markerte seg med sterke resultat. No er han teken ut til spel i både ungdoms- og seniorklassen i EM.

LES MEIR: God innsats i norgescupen

Spent på nivået
– Det var veldig kjekt og spennande då eg reiste til Tyskland for å delta på mitt første stemne for Norge, og det gjekk veldig bra. Eg vann klassane i både singel og dobbel, og i singelklassen vann eg faktisk mot han som er ranka som den beste i Europa i min aldersklasse, fortel 14-åringen som fyller år i august.

Spel for Norge i ein meisterskap er noko å sjå fram til, og vert ei spennande ny oppleving for ungguten som legg grunnlaget sitt i bordtennishallen på Vikahaugane i det daglege. 

– Det vert jo veldig spennande å spela mot dei beste seniorane i EM, og sjå kor gode dei faktisk er. Målet mitt er å vinna kampar, seier guten, som er den første nokosinne til å representera Norge i døve-EM.

LES OGSÅ: Er dette Noregs ivrigaste supporter?

Leitar etter toppformen
Han har planen klar for korleis han skal vera i toppform til EM startar. Der inngår mellom anna ein sommartur til Kina der forbundet subsidierer 10 000 av dei samla kostnadene.

– Eg skal spissa forma med mykje trening framover. Eg har pappa Roger som fortel mykje om kva eg må trena på, og Atle Irgens som trenar meg heime på Stord. I sommar dreg eg fire veker til Sverige for å trena hardt med pappa og nokre andre flinke svenskar, før eg reiser til Kina for eit tre veker langt opphald som startar den 24. juli. I Kina vert det bordtennis seks timar om dagen, så det vert nok veldig kjekt. Eg håpar og trur eg skal vera i god form til september.

LES MEIR: Seks sterke klassesigrar

Stolt trenar
Landslagssjef Jan Berner, som forøvrig er i reisefølgjet til Jan Roger Andersson til Kina i sommar, er ikkje i tvil om at Stord-spelaren har noko å bidra med i Austerrike i september.

– Det er litt vanskeleg å seia akkurat korleis nivået er, då det er relativt få konkurransar berre for døve. Rapportane me har fått tydar likevel på at Jan Roger skal vera blant dei beste i sin aldersklasse. Med sine 15 år er han nok litt ung for å hevda seg skikkeleg i seniorklassen, men han har jo absolutt framtida føre seg i og med at han er så ung, seier landslagssjefen.

Atle Irgens i bordtennisklubben her på Stord er svært godt nøgd med at ein av spelarane i klubben skal representera nasjonen.

– Me er veldig stolte over at han, som den første norske spelaren gjennom tidene, er utteken til denne meisterskapen, seier Irgens.

LES MEIR: Bordtennismeister til Stord