Snakk ut, men gjer det med oss

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei, det er naturligvis ikkje sant. Det er mange ting som irriterer oss som skriv i avisa. Det er som regel derfor vi skriv i avisa. Folk som ikkje les det vi skriv, for eksempel, irriterer oss veldig. Folk i det heile tatt, eigentlig. Åmåtte forhalde seg til vanlige folk som ikkje skriv i avisa, kan vere skikkelig irriterande.

Men det er ikkje det eg tenker på akkurat no.

LES OGSÅ: Jævlig tostemt

Det som kanskje er aller mest irriterande for oss som skriv i avisa, er folk som fortel ting før vi har rokke å avsløre dei. La oss for eksempel seie at ein langrennsløpar har køyrt i fylla. Såkjem det ei bok der det står både kor fort han køyrde i fylla og kor full han var.

Då er det ikkje mykje igjen for oss å skrive om.

Så då skulle ein kanskje tru at vi ville la vere å skrive så mykje om det.

Men det er ikkje slik det fungerer. Det veit du viss du tenker deg litt om. Vi må skrive, men vi må altså skrive utan at vi har noko å avsløre. Det er ikkje lett. Og då ser vi ganske teite ut. Og det er ikkje noko hyggelig. Men bryr sånne som Northug-familien seg om det? Neidå. Der er det berre: «Meg! Meg! Meg!»

LES OGSÅ: Den fyren

For kva skal du skrive om promillekøyring når det ikkje er noko att å avsløre? Jo, då må du for eksempel skrive «Så full er du med 1,65 i promille». Og det er grenser for kor artig det er. Om vi hadde jobba med tv og kunne vise kor full du er med 1,65 i promille, så hadde det vore ei anna historie. Men det gjer vi altså ikkje. Eller så må vi skrive «Så fort er 80-90 km/t», men det veit faktisk folk frå før.

Og hovudpersonen sjølv seier ikkje noko til journalistar. Kva skal vi skrive om då? At hovudpersonen ikkje seier noko?

Ja, sjølvsagt skriv vi om det. Vi kan skrive mykje om det. I kva grad han ikkje seier noko. Kvar han er når han ikkje seier noko. Osv osv. Visst skriv vi om det. Men vi er ikkje stolte av det.

Men kva skal ein gjere då? Til slutt har vi ikkje noko anna val enn å ringe ein PR-ekspert for å få han til å seie noko om kor mykje denne Northug-boka er verd.

LES OGSÅ: Middels på strå

Det viser seg nemlig at forlag som gir ut bøker, ofte har konkrete planar om å få folk til å kjøpe desse bøkene. Gjerne mange folk. Og forlaga vel ofte å gi ut bøkene på eit ideelt tidspunkt i staden for på eit elendig tidspunkt, og så dette i håp om å selje bøker. Ofte er det også sånn at forlaga prøver å få mykje merksemd om bøkene, i staden for å for eksempel halde kjeft og håpe at ingen legg merke til at boka har komme ut. Dessutan er det slik at folk som skriv bøker om seg sjølve, eller går med på at nokon annan skrive bøker om dei, gjerne ønsker å framstille seg sjølv på ein bra måte. Fordi ein kan tene, både menneskelig og økonomisk, på å verke som ein knakande kjekk kar i staden for å verke som ein superkødd. I det heile tatt: Forlag og forfattarar er kyniske menneske som berre er ute etter å selje bøker, og for å oppnå dette bruker dei skamlaust dei opplysningane vi skulle ha brukt til å selje aviser.

Alt dette er det fullt mulig å få PR-ekspertar til å seie. Men det er jo ikkje akkurat ei utfordring. Det finst PR-ekspertar som berre går og ventar på at vi skal ringe dei.

Så kva skal vi gjere då?

Vi som skriv i avisa er såpass irriterte no, at vi no vurderer å ikkje skrive om dommen når den kjem.

Ha ha ha.

Ja, særlig. 

Denne teksten stod først på trykk i Aftenposten.