Sms fekk fleire til å stemma

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar ved Københavns Universitet har undersøkt effekten av ulike kampanjar for å få fleire unge til å stemma i kommunevalet i Danmark for to år sidan.

Mest effekt på valdeltakinga gav ein sms-kampanje frå Dansk Ungdoms Fællesråd, melder Videnskab.dk.

Unge mellom 22 og 29 år fekk denne meldinga: «Hej Julie. Dette er en venlig påmindelse om valget tirsdag den 19. november. Demokratiet har brug for dig, så husk at stemme! »

Kampanjen førte til at 1,8 prosent fleire brukte stemmeretten sin, samanlikna med kontrollgruppa.

LES OGSÅ: Frir til unge veljarar med gruppesex-reklame

– Det er ein ganske fin effekt. Ikkje minst i lyset av kor kort ein sms er, og kor billige dei er å senda, skriv forskarane Yosef Bhatti, Jens Olav Dahlgaard, Jonas Hedegaard Hansen og Kasper Møller Hansen i artikkelen på Videnskab.dk.

Folketinget sendte ut den danske grunnlova og ein humoristisk brev i teikneserieformat som oppmoda mottakaren til å stemma. Kampanjen gav ein effekt på 1,1 prosent.

Innanriksministeriet sendte ut 100.000 brev til førstegongsveljarane mellom 18 og 21 år med argument om kvifor dei burde stemma. Dette auka valdeltakinga med 0,4 prosent samanlikna med kontrollgruppa.

8. juni arrangerer Framtida.no konferanse om kva som skal til for at unge skal nytta stemmeretten.