– Smakar av valtaktisk populisme

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Smakar av populisme

– Eg har ikkje anna å seia enn at eg ikkje synest noko om dette, skriv Fredric Holen Bjørdal (Ap) i ein e-post. Han er stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet, og sit i Arbeids- og sosialkomiteen. Han er og nynorskbrukar.

LES OGSÅ: Sterke reaksjonar på sidemålsforslaget

Forsøk på omkamp
– Me tok grundige og krevjande diskusjonar i partiet og AUF om dette i 2012-2013, og landa på ein konklusjon, skriv Bjørdal vidare.

– Dette forslaget er eit forsøk på omkamp, som eg vonar Oslo Ap ikkje går inn for når dei skal vedta det endelege valprogrammet sitt.

LES OGSÅ: Ein av tre vil samla norskkarakteren

Mållaget er samd
Han påpeiker difor det same som leiaren i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø – at forslaget frå Oslo Arbeiderparti er eit forsøk på omkamp.

– Etter fleire år med grundige og faglege vurderingar, landa styresmaktene på å halde på ordninga  med tre karakterer i norsk. Difor er det merkeleg at Oslo Ap no ynskjer å gå til omkamp på dette, skriv Aakre Tennø i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Må klaga for å få nynorskbøker

Valtaktisk populisme
Bjørdal avsluttar e-posten sin med kraftig kritikk og ei oppmoding til Oslo arbeiderparti.
– Dette smakar av valtaktisk populisme, og vil svekkja nynorsken. Eg vil oppmoda Oslo Ap om å tenkje seg om før dei går inn for dette.

LES OGSÅ: Øystein Vangsnes: Oslo Arbeiderparti og det pubertale nynorskhatet