– Slutt å snakk skulen ned

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er klart at det å rekruttera og halda gode lærarar i skolen er viktig, men kva har politikarane gjort for å halda elevane i skolen dei siste åra, sa leiar i Elevorganisasjonen Liv Holm Heide då ho opna Elevtinget måndag.

– Me slit med éin spesiell, trist og vanskeleg utfordring i norsk skule; éin av tre elevar fel frå! Dette enorme fråfallet er summen av alt som ikkje fungerer i skulen.

Tysdag måtte leiarane av ungdomsparti svara seg når dei møtte 600 utsendingar frå dei over 350 medlemsskulane i Elevorganisasjonen.

LES OGSÅ: Jublar for auka stipend til yrkesfagelevar

– Ikkje nedsnakking
AUF-leiar Eskil Pedersen meinte ein burde byrja å snakka meir om kva som er bra med norsk skule.

– Me må slutta å snakka skulen og norske lærarar ned, sa han og fekk støtte frå SU-leiar Andreas Halse.

– Me må ikkje riva ned statusen til lærarane slik det skjer no under forhandlingane om arbeidstidsordning som regjeringa står med armane i kors og ser på, sa han.

Halse peika også på at det er viktig at ein styrkjar rådgjevingstenesta, slik at færre får feil råd.

– Eg har høyrt om dei som har fått høyra at dei har for gode karakterar til å velja yrkesfag. Er det noko me treng i framtida, så er det dyktige fagfolk med god yrkesopplæring.

Meir yrkesretta yrkesopplæring var alle ungdomspartia samde om at ein bør få.

– Yrkesfag er veldig viktig. Då må ein også få ein betre utstyrspark, sa Ingrid Ophaug Dahl i Grøn Ungdom.

LES OGSÅ: Kritiske til innføring av anonym retting

Betre skulehelseteneste
Leiar i KrFU, Emil André Erstad, tok til orde for å løyva pengane som skal til for å tilsetja 1500 helsesøstrer i skulehelsetenesta.

– Det er for få helsesøstrer i norske skular. Det er eit samfunnsproblem at ein ikkje gir framtida den hjelpa dei treng, sa han og fekk støtte frå Unge Venstre-leiar Tord Hustveit:

– Me må setja inn hjelp tidlegare, og inn med helsepersonell i skulen tidlegare, sa han.

Følg Elevtinget på nettTV under og på Twitter: