Slik sparar ho fleire tusen på konfirmasjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sparar fleire tusen på konfirmasjon

– Start planlegginga så tidleg som mogleg, seier Nina Stabell Øvreås frå Stranda i Lindås kommune.

I mai arrangerer ho sin fjerde og siste konfirmasjon, og denne gongen er det for sonen sin Karl Olav. Totalt reknar ho med at kostnadene for sjølve festen kjem på om lag 4000–5000 kroner. Det er svært lite samanlikna med andre.

Spør konfirmanten

– Fyrst og fremst bør ein spørja konfirmantane korleis dei sjølve ønsker å feira konfirmasjonen, og så planlegg ein resten derifrå, seier Øvreås.

LES OGSÅ: Konfirmasjon koster

Sonen hennar vil ha kaldtbord, og han har invitert 30 personar til festen. Øvreås gjekk tidleg i gong med å planlegga maten. Ho lagar alt sjølv, med hjelp frå dei andre i husstanden. Maten har ho handla inn når den har vore på tilbod i butikkane.

– Vi bestiller ei kransekake frå bakeriet. Eg lager tre kaker sjølv, og eldstedottera mi skal baka ei, seier ho.

Bordkort og invitasjonar blir også sytt for av eldstedottera i familien. Det er igjen mykje pengar spart.

Sparar pengar på lokala

– Eit par hundre kroner her og eit par hundre kroner der, blir faktisk veldig mykje pengar til slutt, seier Øvreås.

– Vi har plass til det, og skal ha festen heime hjå oss sjølve, seier Øvreås.

I konfirmasjonen til dei to fyrste barna måtte ho leiga lokale, og synest det er kjekt å sleppa det denne gongen.

LES OGSÅ: Konfirmant ga bort alle pengene

Det betyr også fleire pengar spart for familien.

Ei undersøking frå 2012 gjort av DNB viser at jentekonfirmantar kostar mykje meir enn gutane. Årsaka er at jentene vil ha bunad, medan gutane er nøgde med ein vanleg dress.

– Undersøkinga viser at ein konfirmasjon i snitt kostar om lag 30 000 kroner. Av denne summen utgjer gåva til konfirmanten store delar av summen, og i snitt 9520 kroner, seier Sissel Bringeland, banksjef i DnB i Knarvik senter.

I tillegg kjem utgifter til klede, og det er her dei største skilnadene dukkar opp. I snitt bruker foreldre 14 200 på klede til jentene, medan dei berre brukar 2660 på gutane.

– Årsaka er at jentene vil ha bunad, medan gutane vil ha dress, seier Bringeland.

Undersøkinga visar og at den neste største utgiftsposten er mat og drikke, som i snitt ligg på 9500.

– Her er det og ein del skilnader, og det kjem litt an på talet på gjestar og om ein lagar maten sjølv. Ifølgje undersøkinga er det i snitt 32 gjestar per konfirmasjon, seier Bringeland.

Dei som vel å ha konfirmasjonsfesten i heimen sparar ein del, for undersøkinga viser at dei som leiger lokale brukar om lag 2000 kroner i snitt. Her er det og store skilnader på pris.

I konfirmasjonsgåva til sonen har Nina Øverås vore ekstra kreativ. Han ønska seg ein dress av det norske klesmerket «Moods of Norway» frå Stryn. Det er nok ikkje den billigaste dressen på marknaden, men Øvreås ana råd.

– Eg tok meg rett og slett ein dagstur til Stryn. Der har dei ein «outlet» med sterkt nedsette prisar, og eg har spart fleire tusen kroner berre på dressen, fortel ho.

I konfirmasjonsgåve til dottera si for to år sidan, sydde ho ein bergensbunad. No er det rett nok ikkje alle som kan sy, men alle kan prøva tenka kreativ e løysingar.

Kor mykje skal ein gje

Eit spørsmål mange stiller seg er kva, eller kor mykje ein bør gje konfirmanten i gåva.

– Dersom det er familie bør ein gjerne gje mellom 500 og 1000 kroner. Det har eg høyrt at er vanleg, seier Øvreås.

LES OGSÅ: Konfirmant og fadder til to på same dag

Jenter får ofte smykke og den slags, men med tanke på ungdomens økonomiske behov i nær framtid, som eksempelvis bustadsparing eller billappen, kan det vera greitt å gje pengar.

– Det einaste som er viktig er å ha eit klart mål for pengane, og kva dei skal brukast til. Sett dei inn på sperra konto eller liknande, seier Øvreås.

Sonen hennar sparer til lett motorsykkel, og alle pengegåver skal rett på konto.

LES OGSÅ: Bunad for brura?

Les saka i Nordhordland!