Slik skal du leve livet ditt

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg veit at det er mange av dykk som har venta på å få vite kvar eg står i desse vanskelige spørsmåla. Så her, endelig, kjem det:

Eg synest det er feil å køyre fort med bil i fylla. Ja, eg vil faktisk gå så langt som til å seie at eg synest det er heilt feil. Dessutan er det dumt. Og farlig. Og, eg har slått opp: Det er faktisk ikkje lov.

Vidare vil eg seie at dersom du likevel har komme i skade for å gjere noko slikt, då bør du angre. Du bør vere lei deg. Og du bør be om unnskyldning.

Eg er klar over at dette kan verke knallhardt. Brutalt, til og med. Men vi som skriv i avisa har eit stort ansvar. Vi har plikt til å seie frå.

No har forsåvidt nesten alle som skriv i avisa allereie sagt frå om at dei synest det er feil å køyre fort med bil i fylla. Men det betyr ikkje at ikkje eg også skal seie frå. Folk må få vite kva alle som skriv i avisa meiner. Folk må få vite om alle vi som skriv i avisa er enige. Det er vi nesten alltid, som kjent, men likevel: Det er nok mange der ute som er usikre og ventar på å få bekrefta at dette er noko samtlige som skriv i avisa står saman om. Fram til den dagen alle har sagt sitt, har nok mange av dykk vore usikre og venta på råd og rettleiing frå oss. Mange av dykk har nok våkna kvar morgon denne veka, rådville og bustete på håret, og spurt dykk sjølve: Kva skal eg gjere no? Skal eg dusje, pusse tennene, ete frukost og gå på jobb som eg vanligvis gjer på kvardagar? Eller skal eg styrte ei flaske sprit og køyre på tvers i ei rundkøyring?

No kan de slappe av. Eg trur nemlig eg er den siste. Eg er ikkje heilt sikker på om redaktøren for lokalavisa Sykkylvsbladet på Sunnmøre har uttalt seg, men elles har alle som skriv i avisa sagt kva vi meiner, og det ser ut til å vere brei semje om dette: Ikkje gjer dumme, farlige og ulovlige ting. Spesielt ikkje viss du er toppidrettsutøvar og forbilde.

For – og eg er klar over at dette nok vil sjokkere mange, men vi som skriv i avisa er folk med meiningars mot – haldninga mi er at viss du driv med toppidrett, då bør du trene og gjere det bra i konkurransar, i staden for å sette andre folks liv i fare. Og viss du er eit forbilde, så bør du gjere bra ting, vere sjarmerande og hyggelig, i staden for å gjere dårlige ting, vere usjarmerande og uhyggelig.

Igjen: Dette kan verke kompromisslaust og hardt. Men vi som skriv i avisa driv ikkje med dette for å få venner. Vi har eit ansvar. For å stake ut ein kurs. Slik at det skal bli lettare for folk å ta sine eigne val. Og då kan ein ikkje ta omsyn til at ein kanskje sårar nokon. Vi som skriv i avisa er ikkje redde for å såre nokon. Med mindre vi sårar nokon som blir skikkelig sinte, sjølvsagt. Vi driv ikkje og skriv eller trykker ting som gjer at folk blir skikkelig sinte og kastar ting og sett fyr på innbu og lausøyre. Då prøver vi å vere litt meir forsiktige. Vi er ikkje sjuke heller. Men stort sett seier vi det vi meiner, utan omsyn. Spesielt dersom vi er ganske sikre på at dei fleste er enige med oss.

Det er knallhardt. Eg veit det. Og ofte er det einsamt. Ofte grin vi oss i søvn. Men det er verd det.

For at du, kjære lesar, skal våkne i morgon og vite kva som er rett og kva som er feil.

Inga orsak. Ikkje tenk på det.


Først publisert i Aftenposten 10. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!