Slik overlever bjørnedyra utan vatn

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik lever bjørnedyr utan vatn

Bjørnedyr er under ein millimeter lange, ser ut som små bjørnar, og er nesten uovervinnelege. No veit forskarane korleis bjørnedyra overlever lange tørkeperiodar.

Dersom eit bjørnedyr vert utsett for ekstrem tørke (til dømes at vassdammen den bur i tørkar ut), trekk bjørnedyret inn hovudet og dei åtte beina og lagar ein liten, knusktørr klump. Slik kan den vente i årevis på nytt vatn som vaknar den til live. 

Beskytta mot inntørking
Når celler tørkar, vert innhaldet øydelagt. Organismar som vert utsett for slike påkjenningar må difor ha ei løysing som hindrar uttørking og død. 

Hos reker, sopp og nokre insekt, er det eit sukkermolekyl, trehalose, som gjer denne jobben. Trehalosen beskyttar cellene mot inntørking ved å lage ein slags gele inne i kvar celle.

Til no har ein trudd at det var trehalose som også var grunnen til at bjørnedyra overlevde inntørking. Det viser seg at svaret er eit anna, men liknande, triks.

Ei gruppe amerikanske forskarar, leia av Thomas Boothby frå North Carolina, publiserte denne veka resultat som viser korleis bjørnedyra overlever utan vatn. 

Saka held fram etter videoen.

Videoen ovanfor er henta frå saka Mikroskopisk Instagram, om forskarar som tek sosiale medier tett på naturen.

Som spaghettiskruer
Når bjørnedyra tørkar, skrur dei på gener som gjer innsida av cellene til noko som liknar på glas. Boothby og kolleganene hans fann at det glasaktige materialet ikkje var sukkeret trehalsoe, men ei ny gruppe protein som er svært fleksible (kalla TDP). 

Dei fleksible proteina er «som wiggly spaghettiskruer som konstant endrar form» uttala Boothby til NPR. Når eit bjørnedyr tørkar ut, vil spaghettiskurene beskytte cellene frå å bli øydelagde.

Forskarane gjorde deretter eit forsøk der dei skrudde av gena for dei fleksible proteina, og så utsatte bjørnedyra for tørke. Langt færre av bjørnedyra overlevde tørkinga utan dei fleksible proteina til å beskytte cellene.

Til nytte for industri
Dersom det vert mogleg å utvinne eller lage dei spaghetti-liknande proteina på laboratoriet, vil det vere til nytte i produksjon og transport av ulike legemiddel, kommenterere Boothby til NRP. 

Forskning.no har tidlegare fortalt at bjørnedyra kan vere nyttige for kreftforsking.

Her kan du sjå ein video av eit bjørnedyr som tørkar ut, for så å vakne til liv att:

Interessert i naturen? Denne veka oppdaga forskarane verdas første sjølvlysande frosk

Faktaboks

Bjørnedyr vert også kalla Tardigrades eller Water Bears.

Bjørnedyra lev i fuktige område, slik som i mose, lav, jord, salt- og ferskvatn.

Det finnast over 1000 artar av bjørnedyr, og dei er spreidde over heile verda, inkludert Antarktis.

Kjelde: https://snl.no/bjørnedyr