Slik feira Håkon og June sigeren i skrivekonkurranse

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.08.2021 15:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg trur at å heie fram dei som er interesserte i data er sjakktrekket som kan gjere at Norge framleis er eit rikt land i framtida», skriv  Håkon Åsebø.

10.klassingen ved Møre Ungdomsskule i Ålesund er vinnar av skrivekonkurransen til Magasinett og Framtida.no om livet på nett.

– Eg blei gira av temaet. Dette er noko eg brenn for. Eg har alltid vore opptatt av spela dataspel, heilt sidan eg fekk mitt første Mario-spel då eg var fem år, fortel Håkon Åsebø.

– Ein høyrer ofte om dei negative sidene med dataspeling, men det er ikkje berre negative sider, og eg ville visa fram nokre av dei positive sidene også, legg han til.

LES VINNARTEKSTEN HER!

Får skryt av juryen
Juryen, som er sett saman av redaksjonen i Framtida.no og Magasinett, meiner vinnaren skriv engasjerande, har klare meiningar, argumenterer godt for seg og viser til kjelder.

– Eg blei veldig, veldig glad då eg fekk vita det, seier han til Framtida.no.

Klassevenninna June Hermansen (bildet) fekk heider av juryen for eit innlegg om mobilavhengigheit.

Læraren deira gjorde skikkeleg stas på dei på skulen. Elevane blei sett på eit lite akebrett, og ein løvblåsar sørgde for vind i håret.

– Me skulle få ei skikkeleg wakeboard-kjensle, fortel den glade vinnaren.

Integrert seg inn i nynorsken
Dialekten hans avslører at han kjem frå Austlandet. Håkon flytta frå Lillestrøm då han var ni år. Men sjølv om han snakkar austlandsk, og hovudmålet er bokmål, så synest han det går greitt å skriva nynorsk.

– Eg skriv mest på dialekta herifrå på sosiale medium. Eg har integrert meg inn i nynorsken, fortel han.

No i haust har dei jobba mykje med sidemål på skulen, som har 105 elevar.

– Det er ein veldig kjekk skule me går på, seier han.

Han er ikkje hundre prosent sikker på kva for ei utdanning han har lyst til å ta vidare, men trur han vil ta noko som gjev spennande utfordingar – kanskje noko innanfor leiing.

– Eg har fleire yrke eg har sett på som eg kunne tenkt meg, som til dømes lærar, advokat eller journalist.

Juryen valde i tillegg å gi særleg heider til Frida Snowball (15) frå Aukra. Tekstane blir publisert på Framtida.no og Magasinett.