Slepp unna mageplager på utanlandsferie

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slepp unna mageplager

Mange land har høgare førekomst av skadelege bakteriar, virus og parasittar enn vi har i Noreg. Folkehelseinstituttet minner reiselystne nordmenn om å vere på vakt.

– Det er lurt å hugse på at kvardagsrutinane heime er forskjellig frå korleis ein har det på ferie. Heime lagar ein ofte mat sjølv, på ferie et ein som regel ute. Då er ein meir eksponert, seier seniorrådgjevar Bernardo Guzman Herrador til NTB.

Bakteriane campylobacter og salmonella står for dei fleste tilfella av tarminfeksjon som vert registrerte her i landet. Over halvparten av alle som får sjukdommen campylobacteriose blir smitta i utlandet. Tilsvarande tal for salmonellose er 70– 80 prosent.

I tillegg er det ei rekke andre bakteriar, virus og parasittar som kan gi diaréplager ved utanlandsreiser, opplyser Folkehelseinstituttet via nettstaden Matportalen.

Varsam med lunka mat

Forureina mat og vatn kan gi deg diaré og oppkast, men dei fleste smittestoff vert drepne ved koking og steiking. Nokre bakteriar kan derimot danne giftstoff viss dei får formeire seg i maten, og vert ikkje øydelagde ved varmebehandling.

– Ver også oppmerksam på at dersom maten blir ståande lunka over lengre tid etter at han er kokt eller steikt, kan du bli sjuk fordi nokre bakteriar overlever som sporar og dannar giftstoff i maten etter at han er kokt eller steikt, påminner Folkehelseinstituttet.

Generelt er det trygt å ete kokt og steikt mat som er skikkeleg varm. Du kan også vere trygg på frukt og grønsaker som du skreller sjølv.

Hugs på isbitane
Ved å følgje nokre enkle kosthaldsråd, kan du redde feriemagen. Mange kjenner nok allereie rådet om å unngå drikkevatn som ikkje er desinfisert. Hugs at det også gjeld isbitar, som er ei vanleg smittekjelde.

I tillegg bør du vere på vakt mot:

* kalde sausar
* upasteurisert mjølk og produkt laga av slik mjølk
*blautkokte egg, speilegg og omelettar som ikkje er heilt gjennomsteikte
* mat tillaga av rå egg (majones, dessertar)
* ukokte grønsaker, bær, salat og spirer
* frukt som ikkje kan skrellast
* rå eller ufullstendig kokt skaldyr
* halvsteikt eller rått kjøt
* mat som vert servert lunka

Råd til gravide
Gravide bør berre ete kjøt som er heilt gjennomsteikt eller -kokt. Det kjem av fare for smitte med parasitten toxoplasma.

Det er også viktig å unngå ukokte grønsaker, bær, salatar og spirer som ikkje er grundig vaska. Det same gjeld frukt som ikkje kan skrellast.

Styr unna vatn frå springen, også når du pussar tennene. Bruk heller flaskevatn. Og prøv å la vere å svelgje vatn når du dusjar eller badar i vatn som kan vere forureina, seier Folkehelseinstituttet.

Det er også svært viktig at gravide er ekstra nøye med å vaske hender etter toalettbesøk, kontakt med dyr og før matlaging og måltid, lyder rådet.

– Små barn, dei som har kroniske sjukdommar eller problem med immunforsvar er også grupper som bør vere litt ekstra forsiktige, seier Herrador. (©NPK)

Faktaboks

Fakta om mageplager

* Tarminfeksjonar er klart dei mest vanlege av dei smittsame sjukdommane nordmenn pådrar seg i utlandet.
* I perioden 2010– 2014 utgjorde det 79 prosent av smittetilfella på utanlandsreise.
* Cambylobacteriose er den vanlegaste infeksjonen, med 45 prosent av smittetilfella.
* Salmonellose er nest vanlegast og utgjer 25 prosent av smittetilfella.
* Helsemyndigheita har ikkje full oversikt over smitte. Mindre alvorlege sjukdommar er ikkje meldepliktige, og mange tar heller ikkje kontakt med helsevesenet.
* Smittetal er i hovudsak basert på resultat av prøver tatt når pasienten kontaktar lege etter heimkomst. (©NPK)