Skyss får ungdomskritikk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Skyss meg i rævo

– Stord er eit U-land når det gjeld busstilbod, særleg på kveldar og i helgane, meiner leiar Anna Sofie Ekeland Valvatne og dei andre i Sosialistisk Ungdom i Stord. Difor aksjonerte dei med banner, plakatar og song i Leirvik onsdag.

– Bussane går altfor sjeldan, og det er altfor dyrt. I Oslo er det mykje billegare og mykje betre busstilbod. Me her på Stord vil ikkje lenger finna oss i så dårleg kollektivtilbod, seier Ekeland Valvatne.

Fylkestinget
Det er ikkje Stord kommunestyre som avgjer kva busstilbod me skal ha i kommunen eller mellom kommunane her i Sunnhordland. Det er det fylkestinget og Skyss som avgjer.

– Og difor er det så viktig å markera denne misnøya no når det også skal vera fylkestingsval, seier SU-leiaren, som meiner det er viktig også å ha fokus på saker som gjeld fylkestinget.

Song
Under aksjonen song dei aksjonerande SU-medlemane den velkjende barnesongen om «hjulene på bussen», men då med sjølvomskriven tekst. Første verset vart då:

Hjulene på bussen dei går sjeldan rundt, sjeldan rundt, sjeldan rundt.

Hjulene på busen dei går sjeldan rundt, spesielt i helgo.

Partia
Me kontakta alle dei politiske partia i Stord for å få deira syn på kravet om betre busstilbod. Alle er einige om at Skyss og fylkeskommunen må pressast for å gje betre tilbod.

De Kristne vil ha betre tilbod for å få ungdomar og andre heim på kveldstid. KrF vil få vurdert såkalla bestillingstransport der få reiser. Frp meiner bybaneatsinga i Bergen har gjeve mindre pengar til buss i distriktet. Høgre vil ha tal på bussbrukarane og gå i dialog med Skyss.

Ap vil ha nattbussar fredag og laurdag. SV vil auka alderen for ungdomskort frå 20 til 25 år. Miljøpartiet Dei Grøne seier dette er ei kjernesak for dei. Stordlisto skryt av aksjonen «Skyss meg i rævo» og Venstre sin Geir Angeltveit lokkar med at han er 3.-kandidat til fylkestinget og vil der kjempa for betre busstilbod på Stord.

Les saka i Sunnhordland!