«Skynet» tek ikkje over likevel

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Du har kanskje fått med deg at ein supercomputer besto Turing-testen i helga, som blant andre NRK melder. Entusiasmen spreidde seg om «Eugene Goostman», den russiske programvara som klarde å overbevisa nok paneldeltakarar til å tru den var ein 13 år gamal gut frå Ukraina.

Turing-testen er ein no 65 år gamal test, laga av kodeknekkaren Alan Turing på 50-talet som ein intelligenstest for datamaskiner. Dersom maskina overbeviser 30 prosent av dommarane, blir det rekna som godkjend. Laurdag overbeviste «Eugene Goostman» 33 prosent av dommarane at den var eit ekte menneskje – og nyheita om ein ny supercomputer spreidde seg, saman med frykta for ulike filmscenario som «Terminator», «2001: A Space Oddysey», eller den noko ferskare «Her».

LES OGSÅ: Robotar tar over i heimen.

Smart skript
Problemet er at det kanskje ikkje er så revolusjonerande likevel. Ifølgje blant andre newscientist.com er maskina for det første berre eit sofistikert chat-script – eit program som simulerer ein samtale basert på kva du seier. Basert på dette åleine er ikkje gjennombrotet så stort som ein kanskje skulle ønska – det er eit stykkje mellom eit slikt skript og faktisk kunstig intelligens.

Dessutan er det ikkje første gong eit slikt program har lurt menneskje. Chat-skriptet Cleverbot gjorde det same i 2011 med endå betre resultat i den same Turing-Testen. Den gong trudde over halvparten av panelet at Cleverbot var eit ekte menneskje.

LES OGSÅ: Google: – Ja, me les e-posten din.

Berre 13 år
Dessutan, skriv New Scientist vidare, har utviklarane av «Eugene Goostman» gjort oppgåva litt lett for seg sjølv ved å imitera ein 13 år gamal gut, framfor ein vaksen person. Då vert det lettare å akseptera litt avvikande og rare svar – det er trass alt berre snakk om ein ung gut.

LES OGSÅ: – Autopilot til Tesla om tre år.

Eingongstilfelle
Den oppsiktsvekkjande historia om «Eugene Goostman» får òg kritikk fordi testen som vart gjort i helga var eit eingongstilfelle, med berre 30 dommarar i panelet. Med andre ord var det berre 10 dommarar som trudde at Eugene var ein ekte person.

Med andre ord er det ikkje naudsynt å hamstra hermetikk og bygga bunkersar heilt endå, i frykt for at sjølvbevisste maskiner tek over verda med makt. I alle fall er ikkje «Eugene Goostman» den du bør bekymra deg mest for.

Faktaboks

• Turing-testen er eit 65 år gamalt mål på intelligensen til ei datamaskin, oppkalla etter den britiske kodeknekkaren Alan Turing.
• Alan Turing vart i si tid dømt for å vera homofil, som var ulovleg på 50-talet. I ettertid har han blitt heidra som ein krigshelt for si kodeknekking.
• Turing-testen er ein åtferdstest, men får kritikk for at den blant anna ikkje tek høgde for chat-skript, som «Eugene Goostman».