– Skulen gjer berre nynorskelevane tospråklege

Ida Bergitte Andersen Hundvebakke
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

År om anna svarar talet på nynorskbrukarar på 10. steget i Sogn og Fjordane til talet på dei som ikkje har sidemålsundervisning i Oslo-skulen. Det skriv Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding. Dei viser til ein tekst av Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015», som dokumenterer utbreiinga av språk i Norge.

12 prosent i 2014/2015
Han skriv at det i skuleåret 2014/15 var 77.000 elevar som hadde nynorsk som førstespråk, og 538.000 som hadde bokmål. Nynorskbrukarane utgjorde då 12 prosent av elevane, mot 15 prosent i 2000. Nynorskprosenten var noko høgare i barneskulen enn ungdomsskulen.

Somalisk, polsk og arabisk størst
Vidare står det å lese at det språklege mangfaldet har auka mykje i Noreg dei siste tiåra. I skuleåret 2014/15 gjekk elevar med 108 ulike morsmål i skulen. Dei tre største innvandrarspråka var somalisk, polsk og arabisk. Utover på 2000-talet hadde jamt fleire elevar samisk som førstespråk, medan færre hadde kvensk eller finsk. Mange fleire elevar fekk morsmålsundervisning i store innvandrarspråk enn i samisk og historiske minoritetsspråk.